Ver forsiktig i vårsola

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei felles pressemelding åtvarar Kreftforeningen, Statens strålevern, Meteorologisk institutt og Norsk institutt for luftforsking mot bråsoling.

Når sola endeleg varmar på våren, kan det vere freistande å nyte det så mykje ein kan. Men huda er ikkje herda etter ein lang vinter, og vi tåler mindre sol. Over halvparten av oss har vorte solbrente her i landet, viser ei undersøking for Kreftforeningen. Og akkurat no er ozonlaget tynnare i heile landet, slik at sola tek ekstra mykje.

– Det er lurt å begynne forsiktig dei første dagane du er i sola. Vinterbleik hud tåler ikkje mykje sol. Hugs difor solkrem, og sol deg ikkje lenge av gangen, seier forskar Lill Tove Nilsen i Statens strålevern.

På nettsidene til organisasjonane finn du både ozonvarsel, UV-varsel og gode råd om soling og solkrem. (©NPK)