Staten ut i grumsete farvatn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi kan opne med å stille det ubehagelege spørsmålet: Er den norske staten i ferd med å investere 700 millionar i overfiske av ein av verdas mest dyrebare fiskebestandar? Så går vi til detaljane, der djevelen som kjent bur.

Soga er slik: Bølgjene går høgt kring det norske oppdretts- og fiskefôrselskapet Cermaq om dagen. Selskapet prøver å kjøpe opp det peruanske fiskeriselskapet Copeinca for å sikre tilgangen på dyrebare råvarer til fôrproduksjonen sin: fiskemjøl og fiskeolje frå anchoveta som blir fiska utanfor kysten av Peru. Staten eig 43,5 prosent av Cermaq, og Nærings- og handelsdepartementet har gjeve grønt lys for oppkjøpet.

Samtidig ønskjer John Fredriksen-selskapet Marine Harvest å kjøpe opp Cermaq og prøver å stogge Copeinca-kjøpet. Men den maktkampen overlèt vi til finanspressa. Her skal det handle om meir fundamentale ting, nemleg det biologiske grunnlaget for verksemda til Cermaq – og for mykje av den norske oppdrettsnæringa. Enorme ressursar står på spel, og farvatnet er fullt av vanskelege spørsmål. Anchovetafiskeriet i Peru skjer nemleg i ei etisk gråsone.

Hardt skatta

Namnet Cermaq kling ikkje like familiært som Telenor eller Hydro, men selskapet er ein internasjonal storspelar i oppdrettsbransjen. Ikkje minst på grunn av underselskapet Ewos, som er verdas største på produksjon av laksefôr. Her ligg koplinga til Peru, for den viktigaste ingrediensen i laksefôret til Ewos er nett anchoveta. I fjor brukte Ewos nesten 200.000 tonn av denne fisken i fôrproduksjonen sin. Det er over halvparten av den samla fiskefangsten som Ewos brukte til fôr i 2012.

Anchovetaen er puslete å sjå til: ein sildeliknande fisk som ikkje blir større enn 20 centimeter og ein nær slektning av ansjosen. Likevel kan han kallast verdas viktigaste fiskeslag, i alle fall målt i fangstvolum. Ingen annan art blir fanga i så store mengder som anchovetaen – «verdas hardast beskatta fiskesort», ifølgje FN-organet FAO.

Den kalde Humboldt-straumen frå sør gjer at den austlege delen av Stillehavet er svært næringsrik. Og anchovetaen er ein nøkkelart i økosystemet, som hovudnæring for ei lang rekkje fisk, fuglar og pattedyr langs vestkysten av Amerika.

Oljefeber

Takka vere anchovetaen er Peru i dag verdas største produsent av fiskemjøl og fiskeolje og ein av verdas største fiskerinasjonar. Berre kring éin prosent av anchoveta-fangsten blir brukt til menneskeføde, resten går til fôrproduksjon. Av dette går noko til dyrefôr, men stadig meir går til lakseoppdrett.

Dette gjer eit selskap som Copeinca svært attraktivt i norske auge. Mangelen på fiskemjøl og særleg fiskeolje er i ferd med å kvele vidare vekst for lakseoppdrettsnæringa i verda. Over halvparten av fiskeoljen i verda hamnar i laksemerdene.

Prisane på desse råstoffa har skote i vêret, og dei fleste store fiskebestandane i verda er hausta på eller over grensa for kva dei toler. Bestanden av taggmakrell i Stillehavet, inntil nyleg ei viktig kjelde til fiskemjøl og fiskeolje, er til dømes nær rasert av overfiske. Difor gjev det god meining for Cermaq å sikre seg forsyningar i framtida ved å kjøpe Copeinca, som er det nest største selskapet i anchovetafisket i Peru, med kring 10 prosent av kvotane.

Men som Cermaq skreiv i den siste årsrapporten sin, ein rapport som er pepra med honnørordet «bærekraftig»: «Bærekraftig oppdrett fordrer bærekraftig fiskefôr.» Og det er eit ope og omstridd spørsmål om anchovetafisket i Peru faktisk er berekraftig.

– Plyndring

Svaret på det spørsmålet kjem an på kven ein spør. Men skal ein tru Ollanta Humala, presidenten i Peru, er svaret eit rungande nei. I mars i år sa Humala offentleg at dei store fiskeriselskapa har «plyndra» anchovetabestanden utanfor Peru. Han skulda dei for ulovleg overfiske og for å dumpe store mengder anchoveta under minstemålet for å unngå bøter når dei vart kontrollerte. Storselskapa var i ferd med å «øydeleggje den marine biomassen» til Peru, hevda presidenten.

Humala er ein mann som er kjend for å snakke i store bokstavar. Men det finst ein del fagleg dekning for påstandane hans. I fjor haust vart anchovetakvotane i Peru kutta med to tredjedelar, etter at Imarpe, havforskingsinstituttet i landet, rapporterte eit stort fall i bestanden av anchoveta. Bestanden var blitt for liten til å kunne sikre ei berekraftig stamme. Og når anchoveta-bestanden minkar, går det sjølvsagt òg ut over andre fiskeslag som lever av den vesle fisken – og fiskarane som lever av større fisk.

Den peruanske havforskaren Patricia Majluf sa i vinter til Associated Press (AP) at anchoveta-bestanden truleg er berre det halve av det han var for ti år sidan. Ho tok til orde for totalt fiskeforbod i eit år for å late bestanden ta seg opp att. Anchovetakvoten for trålarane i Peru vart sist sesong redusert til 800.000 tonn – berre fire gonger så mykje som årsforbruket til den norske fôrprodusenten Ewos åleine.

Heldigvis for anchovetaen formeirar han seg raskt, og i år skal bestanden ha teke seg kraftig opp att frå i fjor, ifølgje Imarpe.

– Utan samvit

Men å redusere kvotane er ikkje utan vidare nok for å hindre overfiske, for det skal òg vere mykje juks og underrapportering i den peruanske fiskeri-industrien. Eit grovt anslag er at fangstar på kring 400.000 tonn anchoveta årleg ikkje blir rapporterte inn, skreiv AP i vinter.

– Storelskapa eig ikkje sosialt samvit, sa Paul Phumpiu, visefiskeriminister i Peru, til byrået. Utsegna kom i samband med at ei rekkje selskap vart bøtelagde for å ha fiska anchoveta under minstemålet. Eitt av dei var Copeinca, selskapet som norske Cermaq no vil kjøpe opp.

– Denne ressursen er ikkje til for at nokre få skal bli rike. Han er til for oss alle. Det er eit paradoks å ha ein så rik ressurs at han før andre delar av verda, men knapt nok når peruanarane, sa Phumpiu.

Slike paradoks treng ikkje Cermaq å ta omsyn til om selskapet lukkast med å ta over peruanske Copeinca: «Selskapet skal drives på forretningsmessig grunnlag», heiter det om Cermaq i stortingsmeldinga «Aktivt eierskap» frå Nærings- og handelsdepartementet.

Forsikrar om at bestanden er sterk

Anchovetafisket utanfor Peru er godt regulert og blir forvalta strengt, seier informasjonsdirektør Lise Bergan i Cermaq. Ho forsikrar at Cermaq har vurdert desse spørsmåla grundig i samband med oppkjøpet av Copeinca.

– Det finst mange vurderingar som gjev forvaltinga i Peru svært god rating. Det er nøye kontroll med at det ikkje er for mykje fisk under minstemålet i fangstane.

– Men anchovetabestanden er likevel truga av overfiske?

– Nei, det er ein kjempe-bestand no. Det peruanske havforskingsinstituttet Imarpe seier at anchovetabestanden er svært sterk for tida. Men Imarpe har stogga fisket fleire gonger tidlegare. Det er noko vi støttar, sjølv om det driv opp prisane, fordi det viser at forvaltninga fungerer.

– President Humala i Peru hevda i vinter at bestanden var i ferd med å bli øydelagd av overfiske?

– Eg har registrert det. Men vi trur Imarpe er den beste kjelda til informasjon om bestanden.

– Det finst rapportar som tyder på mykje juks og urapportert ulovleg overfiske av anchoveta i Peru?

– Det er i utgangspunktet god forvaltning og kontroll med fiskefangstane i Peru. Men ein kan jo ikkje utelukke at det iblant er noko som ikkje fungerer slik det skal, verken i Peru eller Noreg, seier Bergan.

Inga sjølvstendig vurdering

Handels- og næringsdepartementet forvaltar den statlege eigardelen på 43,5 prosent av Cermaq. Departementet har gjeve full støtte til planane om å kjøpe opp Copeinca: «Det er departementets vurdering at Cermaqs oppkjøp av Copeinca er godt strategisk og forretningsmessig begrunnet», heiter det i stortingsproposisjonen om saka. Regjeringa vil delta med 700 millionar statlege kroner i ei aksjeutviding i samband med oppkjøpet. I proposisjonen står det òg at «Cermaq har orientert departementet om at selskapet har gjort risikovurderinger på området bærekraft og samfunnsansvar».

Departementet har ikkje gjort noka sjølvstendig vurdering av spørsmål om berekraft i verksemda til Copeinca, opplyser kommunikasjonssjef Trond Viken i Nærings- og handels-departementet til Dag og Tid.

– Dersom Copeinca er medskuldig i overfiske på ein svært viktig fiskebestand, er da oppkjøpet av selskapet noko den norske regjeringa vil stille seg bak?

«Cermaq har som kjøper ansvaret for å vurdere forhold knyttet til Copeincas virksomhet. Staten har klare forventninger til håndteringen av forhold knyttet til samfunnsansvar. Cermaq har forsikret staten som eier om at de har vurdert relevante forhold i forkant av beslutningen med å kjøpe Copeinca», skriv Viken i eit e-brev.

Les saka i Dag og Tid!