Gitar i handa gjer menn attraktive

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du treng ikkje ein gong å kunne spele, det held å ha instrumentet i handa for å bli oppfatta som meir attraktiv, ifølgje to nye studiar. Det skriv Forskning.no.

I den første testen spurte ein fransk mann tilfeldige kvinner på gata om telefonnummeret deira. Han hadde enten ei gitarkasse eller ein sportsbag i handa. Med gitarkassa fekk han betydeleg fleire telefonnummer enn med sportsbagen.

LES OGSÅ: Gitarspel mot fedme

Den andre studien som vitnar om den same gitareffekten, er gjort av israelske forskarar. Dei laga ein falsk Facebook-profil med ein kjekk fyr som enten heldt ein gitar i profilbildet sitt, eller som ikkje hadde ein gitar i biletet. Så sende dei ein veneførespurnad til 100 tilfeldig valde, single kvinner.

Medan berre fem av kvinnene aksepterte veneførespurnaden då mannen ikkje hadde gitar, sa 14 kvinner ja då fyren heldt ein gitar i handa. (©NPK)

Les siste musikknytt her!