Takk for at de har gjeve oss ei stemme!

Marit Nerås Krogsæter
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvifor nyttar me oss ikkje av den?

Til lukke med dagen og takk til dei som har gjort at me er her i dag.

Me er heldige me som veks opp i dag. Me er heldige som slepp å engste oss for om det er nok mat til å fôre ein heil familie, me slepp å engste oss for at det vert krig i næraste framtid og me slepp å engste oss for om det er trygt å gå til skulen. Me skal vere glade for at me lev i eit av dei fredlege hjørna av verda. Sjølvstendet vårt som nasjon vert nok ikkje utfordra i krigerske, dramatiske hendingar som tidlegare i historia. Me skal takke fedrane våre som har gjeve oss høvet til å leve ein trygg kvardag i dag. Noreg som nasjon er trygg, men verdiane våre er under konstant utvikling og nokre gongar vert dei utfordra.

For mange i dag vert røysterett for alle over 18 sett på som ei sjølvfølgje, men slik har det ikkje alltid vore. I år er det 100 år sidan røysterett for kvinner vart innført i Noreg og det var inga enkel oppgåve. Det skulle ta heile 27 år frå saka fyrst kom opp til handsaming til saka vart vedteke 11.juni 1913. Me er inne i eit historisk år. Hadde det ikkje vore for dei fire store, og då meiner eg ikkje Bjørnson, Ibsen, Lie og Kielland, men Collett, Qvam, Krog og Nissen, så hadde me ikkje vore her me er i dag. Dei var ulike på mange måtar og hadde ulik måte å påverke på, men dei kjempa alle for den same saka.

Camilla Collett ynska å frigjere kvinnene sine kjensler og var ein pioner i arbeidet med å få kvinner inn i den offentlege debatten. Fredrikke Qvam sat i sentrale verv i alle dei største kvinnesaksforeiningane og hadde god kontakt med leiande politikarar i samtida. «Alle tråder løper sammen hos fru Qvam» vart det sagt om engasjementet hennar. Gina Krog godtok aldri eit kompromiss for å kome eit stykke på veg. Ho stod på kravet om at kvinnene skulle ha full økonomisk og politisk likestilling med menn. Fernanda Nissen meinte at kvinnerepresentasjon ikkje berre skulle handle om rettferd, men at kvinner skulle ha noko nytt og verdifullt å tilføre som menn ikkje kunne. Fire sterke kvinner som stod på sitt og som nekta å godta at Noreg skulle styrast av menn. Takk for at de har gjeve oss ei stemme!

Me har etter mange år med politiske kampar fått ei stemme, men kvifor nyttar me oss ikkje av den? Er me komen dit der me set oss tilbake og seier at me ikkje har tillit til dei som styrer og at ein har mista trua på politikarane? Er det slik me skal takke dei som har beskytta landet vårt? Er det slik me skal takke kvinnesaksforkjemparane? Demokratiet vert truga av låg deltaking ved val og det er noko kvar enkelt av oss kan gjere noko med. Me kan ikkje vere likegyldige. Me skuldar dei som har kjempa for våre rettar å ta vare på demokratiet.

Me har kome langt på veg og no er det på tide at me nyttar våre erfaringar til å hjelpe andre. Neste år skal me feire at Grunnlova vår er 200 år og dei sentrale menneskerettane kjem til å stå i fokus. Rettstryggleik, ytrings- og talefridom og religionsfridom. Dette er rettar som er sjølvsagde i Noreg. Alle menneskje er like mykje verdt, men i mange land rundt om i verda står ikkje menneskerettane like høgt. Me feirar i dag 199 år med suksess som ein moderne nasjon med eit styresett som er fundert på menneskerettar og folkesuverenitet, men me må ikkje gløyme dei som vert ramma av manglande respekt for menneskerettane. Fedrane våre har allereie gjort denne jobben for oss, men det er plikta vår som medmenneske å bidra til at situasjonen betrast for dei som lid.

Me feirar i dag Noreg sin nasjonaldag og me feirar 100 år med røysterett for kvinner. Neste år skal me feire at Grunnlova er 200 år. Kva vil våre born og barnebarn hugse oss for når vår tid er omme? Dette her er vår tid og me skal gjere denne tida historisk slik våre fedrar har gjort. Ha ein strålane flott 17.mai og nok ein gong – til lukke med dagen.