Fleirtal i Oslo Bystyre for å la 16-åringar få stemma ved lokalvalet.

mm

Stemmerett for 16-åringar blei gjennomført som eit prøveprosjekt i 20 kommunar ved førre lokalval i 2011. Onsdag ettermiddag vedtok bystyret å gå inn for stemmerett for 16-åringar etter at SV tok opp saka som eit privatforslag.

– Dette er ein viktig siger for demokratiet, ungdom og SV. SV er veldig nøgd med å få gjennomslag for at 16-åringar får stemma i kommunevalet i 2015. Det handlar om å ta ungdom på alvor og utvida demokratiet. Evalueringar frå prøveordninga frå 2011 viser at 16-åringar som fekk vera med i prøveordninga og stemma var meir interessert i politikk enn dei som ikkje var med i ordninga. Og dei røysta meir enn andre førstegangsveljarar, seier Ingvild Reymert (SV) til Osloby.no.

LES OGSÅ: Er grensa på 18 år katastrofal?

Det er i første omgang snakk om ei forsøksordning der 16-åringar skal få lov til å stemma.

Arbeidarpartiet har tidlegare vore skeptiske til å la 16-åringar stemma, men i mars gjekk gruppemøtet til Oslo Ap inn for ei prøveordning med stemmerett for 16-åringar i lokalvalet i hovudstaden.

Høgre og Framstegspartiet stemte mot å la 16- og 17-åringane få stemma.

– Eg synest dette er uheldig fordi fleirtalet i bystyret bryt dei koplingane ein har mellom stemmerettsalder og myndigheitsalder. Det er feil at ungdom skal vera med på å bestemma over andres liv før dei er myndige og kan bestemma over seg sjølv, seier Eirik Lae Solberg, gruppeleiar for Høgre, til Osloby.no.

Les meir om stemmerett her!

Røysterett for 16-åringar er noko LNU – Noregs barne- og ungdomsorganisasjoner har jobba for i mange år.

– Vi er svært glade for at Oslo no banar veg, og håpar fleire følgje dømet deira, seier leiar i LNU, Stian Seland.

Kva meiner du? Er det på tide at 16-åringar får stemmerett?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

LES OGSÅ

ANNONSE