Bøndene fornøgde – høgare prisar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Da forhandlingene starta, var det stor avstand mellom partane. Bøndene kravde opphavleg 46.800 kroner per årsverk.

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag ar vorte einige med staten om ein jordbruksavtale for 2013-2014 som, ifølgje Landbruksdepartementet, gir ein inntektsauke på 10,5 prosent i 2014, eller vel 31.000 kroner meir per årsverk enn i 2013. Ein del av veksten kjem frå 1. juli i år.

Høgare pris til forbrukar

Resultatet vart ei ramme på 1,27 milliardar kroner. 580 millionar av oppgjeret er auke i prisane.

– For forbrukarane har vi rekna ut at dette vil koste omtrent 100 kroner meir i året for maten vi produserer, seier leiaren i Noregs Bondelag, Nils T. Bjørke.

Han meiner det er ein viktig barriere som er brote, når bøndene i år får 12.000 kroner meir enn andre grupper i samfunnet.

– Dette kan skape ein varsam optimisme blant bøndene og ei tru på at regjeringa meiner alvor med målet om auka matproduksjon basert på norske ressursar. Dette er ein betre avtale enn på mange år, seier Bjørke.

Bondelønna aukar til 326.000

Avtalen fører til at prisane aukar, mens overføringstilskota blir mindre.

Det meiner leiaren i Småbrukarlaget, Merete Furuberg, gjer det vanskelegare å jamne ut skilnadene mellom store og mindre bruk og skilnadene knytte til den norske geografien.

– Diskusjonen i forhandlingane har i hovudsak dreidd seg om kor store budsjettoverføringane skulle vere, og tilskot hadde gitt småbrukarane meir. Men ei utrekna årslønn på 326.000 kroner etter oppgjeret i år er eit steg i rett retning, seier Furuberg.

LES OGSÅ: Norske bønder lagar mindre mat

Sjølvforsyning framfor import

Sp-leiar Liv Signe Navarsete meiner at jordbruksavtalen i år gir ein god illustrasjon på kva som står på spel ved valet til hausten.

– Dette er med på å tette inntektsgapet til andre grupper. Det kjem ikkje av seg sjølv. Vi har lenge sagt at den norske bonden fortener betre lønn for det arbeidet han gjer for fellesskapen. Oppgjeret i år er solid og eit viktig steg i rett retning, seier ho.

Leiaren i SV, Audun Lysbakken, seier det er avgjerande å sikre auka matproduksjon og sjølvforsyning i Noreg framfor å importere frå det industrielle landbruket i Europa.

– Landbruksoppgjeret legg til rette for auka norsk matproduksjon, noko som er det mest miljøvennlege og solidariske vi kan gjere for den globale matforsyninga, seier Lysbakken.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

Auka matproduksjon

Landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) ser avtalen som solid og framtidsretta.

– Eg er glad for at regjeringa på denne måten igjen betrar rammevilkåra for jordbruket i eit konstruktivt samarbeid med organisasjonane. Vi har ei felles forståing for hovudutfordringane, seier han.

Ifølgje landbruksministeren er det storfekjøtt, korn og grøntsektoren som blir prioritert i avtalen.

– Avtalen gir ei klar betring av inntektsmoglegheitene, som er eit hovudverkemiddel for å nå dei landbrukspolitiske måla til regjeringa. Vi trur dette oppgjeret kjem til å gi ein auke i matproduksjonen i Noreg på 0,75 prosent, seier Slagsvold Vedum, som stadfestar at dette ligg under det langsiktige målet til regjeringa på éin prosent i årleg vekst. (©NPK)

Les siste landbruksnytt her!