For å feira mannen som står bak den lengste krangelen i norgeshistoria, har tre nynorskvennar latt fantasien springe fritt over Ivar Aasen.

Ingelin Moltu Frækhaug, Studvest
Ingelin Moltu Frækhaug, Studvest
Faktaboks

JUBILEUMSFEIRING FOR IVAR AASEN

Ivar Aasen (1813-1896) er mest kjent som nynorsken sin far, men var òg diktar og skjønnlitterær forfatter.
– I år er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og derfor feirast 200-årsjubileumet for språk- og dialektforskeren.
– I det høvet arrangerar Universitetsbiblioteket ei utstilling kalla «Ivar Aasen og Bergen», som fokuserer på Aasen si tid i Bergen og Nordhordland.
– Utstillinga blir ståande ut mai.

LES FAKTALUKK FAKTA

I år er det 200-årsjubileum for Ivar Aasen, nynorsken sin far. Men korleis hadde eit Noreg utan språkforskaren sett ut, eller kva ville Aasen heldt på med om han var i live i dag?

Leiar for Studenmållaget i Bergen, Maria Svendsen, spår at nordmenn ville tilnærma seg danskane.

– Viss eg skal vere heilt flåsete så ville eg sett for meg at alle nordmenn var fjelldanskar, og det ville vore ein kontinuitet av europeisk kultur som strakk seg frå Tyskland til Troms. Men eg trur ikkje dei hadde klart å ta Finnmark, seier ho lattermildt.

Bergen ut av Norge
Svendsen trur at eit Noreg utan Aasen kunne betydd at Bergen endeleg hadde danna sin eigen stat.

– Eg har litt tru på Bergensarane. Men kva veit eg? Kanskje hadde dei berre blitt bokmålspuddingar dei også, seier ho.

Ho ser for seg både tyske og danske tilstandar i Norge.

– Vi hadde berre sugd opp framandord slik som danskane, utan å forsøke å lage eigne ord med særpreg. Dialekt hadde blitt ein privat greie som i Tyskland, kor ein innanfor husets fire veggar og blant lokale prata dialekt, men møtte ein nokon som snakka ulikt la ein om.

Wergeland som språkfar
Svendsen trur dessutan at bergensarar ville vore mindre stolte, at Oslo hadde hatt all innverknad og at band som Kaizers Orchestra, Gåte og Valkyrien Allstars gjerne ikkje hadde eksistert. Om Wergeland ikkje hadde døydd av lungesykdom, ser ho for seg ein heilt annan situasjon.

– Viss ikkje Aasen hadde laga nynorsken, så kan det hende at det norske språkprosjektet ville blitt eit radikalt bokmålsprosjekt. Kanskje hadde Henrik Wergeland blitt språket sin far, og vi hadde hatt eit meir folkeleg Oslo-mål, seier ho.

Aasen, Dæhlie og Traa
Nynorskforfattar Arnfinn Kolerud spår at Aasen ville vore gründer hadde han levd i dag.

– Eg har kome fram til at han ville gjort som mange andre friluftsfolk etter karriera, satsa på superundertøy som Bjørn Dæhlie og Kari Traa. Det finst jo allereie ein Ivar Aasen-truse, seier Kolerud.

Han fortel at Aasen var ein ivrig plantesamlar, og ser derfor for seg at han i tillegg til superundertøyet ville fulgt i fotspora til ei anna stjerne.

Veslestraumen og Aasen Storstove
– Han ville gjort som David Beckham og laga sin eigen parfyme. Deretter, når han hadde gjort seg rik på superundertøy og parfyme, ville han fått vitjing av meg, og vi hadde kjøpt Lillestrøm fotballklubb og kalla den for Veslestraumen, og slik fått ein sterk nynorsk fotballklubb sentralt på austlandet, fantaserar forfattaren.

Han fortel vidare at Aasen ville endra namnet på fotballstadionen frå Åråsen til Ivar Aasens Storstove for Kringsjå og Åtgaum.

– Men samstundes var han kanskje litt beskjeden, Ivar Aasen, så det spørst.

QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?

Utenkeleg med samtids-Aasen
Tormod Haugland er nynorskforfattar og lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han trur ikkje ein Ivar Aasen av i dag hadde vore mogleg.

– Hadde Ivar Aasen levd i dag så hadde han ikkje visst kva nynorsk var for noko, for då hadde han ikkje vore den som gjorde alt det språkarbeidet på 1800-talet, med samling av ord og uttrykk og skriving i ulike sjangrar på sin nye norsk, seier Haugland, og legg til:

– Han hadde neppe kome på ideen om å lage eit språk for å styrkje den norske identiteten, eit språk som låg nærare dei munnlege dialektane og som kjendest meir naturleg for nordmenn å skrive på. Men ein eigentleg Ivar Aasen av i dag er på mange måtar utenkeleg.

Les saka i Studvest!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43
ANNONSE