Kva er rettferd og fridom? Den liberale tankesmia Civita ønskjer at fleire skal bli meir medvitne på ideologiske spørsmål. Me har snakka med tre som har gått på Civita-akademiet.

mm

 

– Det blir ofte diskusjon om små saker i politikken, medan dei store ofte kjem i skuggen, seier Hanne Kvilhaugsvik, sentralstyremedlem i Unge Venstre.

For sjuande hausten på rad arrangerer Civita sitt eige akademi for unge og engasjerte. I fjor hadde akademiet rekordmange søkjarar til dei 12 plassane sine. Hanne Kvilhaugsvik deltok på Civita-akademiet i fjor haust.

– Eg er interessert i politisk filosofi og ville læra meir om det. Det blei mange gode diskusjonar der – også på tvers av politiske skiljelinjer, seier ho.

Tore Storehaug, 2. kandidat for KrF i Sogn og Fjordane er òg interessert i politisk filosofi, og har tatt Civita-akademiet.

– Lange visjonar om kva verdiar samfunnet skal byggja på er det som inspirerer meg – for utan klåre standpunkt bak meiningane blir politikk berre "makta som rår". Etter mange år med ideologisk skulering og diskusjon i KrFU ønskte eg meg ein arena der ein del av standpunkta mine kunne bli utfordra, og der eg kunne læra meir om dei ulike sidene med politisk filosofi, seier han.

– Kva sit du igjen med etter du er ferdig på akademiet?

– Eg er blitt utfordra på mange av standpunkta mine. Å diskutera spørsmål som kva fridom er, kva som er rettferdig skattepolitikk og om verneplikt kan forsvarast har gitt meg mykje. Først og fremst fordi eg har diskutert både med dogmatiske libertarianarar og folk som eg er meir einig med. Pensum og førelesarane hadde høg kvalitet, og eg trur eg sit igjen med mykje kunnskap, seier Storehaug.

– Er det noko du har skifta meining om etter akademiet?

– Det er få konkrete saker som eg med ein gang tenkjer at eg har skifta meining i. Ei av sakene der eg nok har skifta meining er på grensene for ytringsfridom, der mine eigne argument for å avgrense denne ikkje var like sterke som eg trudde. Elles har det å bli utfordra på ein del standpunkt ført til at eg er sikrare og tryggare på mi eiga, opprinnelege meining, seier Storehaug. 

Hanne Kvilhaugsvik seier ho ikkje kjem på saker ho har endra syn på etter akademiet.

– Men no har eg òg vore aktiv i Unge Venstre lenge, seier ho.

LES OGSÅ: – Ikkje bruk opp pengane våre

Meir medviten
– Civita ønskjer at ideologisk og filosofisk bevisstheit skal bli viktigare for unge engasjerte menneske innanfor politikk, næringsliv, media, offentleg forvaltning eller akademia, seier filosof og ansvarleg for akademiet ved Civita, Lars Gauden-Kolbeinstveit.

– Mange politisk orienterte menneske veit kva dei meiner. Men det er grunnleggande å også kunne vita kvifor ein meiner det ein meiner, og kunne gi prinsipielle grunngjevingar for argumenta sine. Me ønskjer å auka bevisstheita om kva rettsstaten, marknadsøkonomien, det sivile samfunn og personleg ansvar har å seia for eit godt samfunn, held han fram.

Civita ein klare på det politiske synet sitt, blir leia av tidlegare Høgre-statsråd Kristin Clemet og støttar ei borgarleg regjering. På pensumet på Civita-akademiet står bøker som Konservatisme av Torbjørn Røe Isaksen og Henrik Syse og Liberalisme av Lars Fr. Svendsen, i tillegg til fleire essays om liberalisme, konservatisme, kristendemokrati og ytringsfridom.

Gaude-Kolbeinstveit understrekar likevel at dei har breidde på føredragshaldarane på kurset.

– Me inviterer ofte nokon til å snakka om venstresida sitt syn på fridom, seier han.

Totalt er det kring 1000 sider pensum, fire helgesamlingar og ei obligatorisk oppgåve og eit studentforedrag deltakarane skal halda.

Bak dag-til-dag-politikken

Øyvind Olufsen er medlem i Arbeidarpartiet, og har òg deltatt på Civita-akademiet.

– Av 12 stykke trur eg vi var tre sosialdemokratar, nokon apolitiske, og sjølvsagt ein god del med bakgrunn frå dei borgarlege partia. Me var alle opptatt av å gå djupare inn i tankane og ideane som ligg bak dag til dag-politikken. Rett og slett ein gjeng «nerdar», seier han.

– Kva sit du igjen med etterpå?

– Eg sit igjen med mykje kunnskap og ikkje minst vennskapet med mange spennande menneske som er opptatt av det same som meg. Det har også vore gjevande å få innblikk og innpass i Civita-miljøet.

– Er det noko du har skifta meining om etter akademiet?

– Eg trur ikkje eg har endra meining om enkeltsaker, men eg har vorte meir medviten på kvifor eg meiner det eg gjer. Eg har kanskje vorte meir oppteken av fridomsomgrepet. Dette omgrepet er på ingen måte borgarleg konstruksjon, men eg synest mitt eige parti ikkje alltid flinke til å drøfta fridomsimplikasjonar når nye lovar og reglar blir innført, seier Øyvind Olufsen.

LES OGSÅ: – Dei borgarlege partia sviktar dei unge

Påverknadskrafta

Korleis påverkar ei tankesmie som Civita?

– Dei har vore veldig aktive. Dei er jo ein seriøs tenketank som får merksemd for det dei gjer og er flinke til å ta mange diskusjonar på eit overordna plan, seier Frank Aarebrot, valforskar og professor ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

– Førebels ser det ut til å ha elitekarakter, men ein kan ikkje sjå heilt vekk frå påverknadskrafta deira, sjølv om det dei seier ofte blir rekna som ein bodskap frå Høgre, seier han.

Aarebrot meiner utgreiingsinstitutt som Fafo, som er eigd av LO, har større påverknadskraft.

– Dei er meir subtile enn dei andre tenketankane.

Frank Aarebrot trur likevel det er ei relativ balanse mellom venstre- og høgresida i politikken når det gjeld tenketankar og utgreiingsinstitutt.

LES OGSÅ: Ungdomspartia er rekordstore

Borgarleg samling

Øyvind Olufsen meiner det viktigaste Civita har gjort er å løfta mange debattar. Han meiner òg Civita har blitt ein viktig møtestad mellom dei borgarlege ungdomspartia som vil få meir å seia i framtida.

– I den neste generasjonen politiske leiarar på borgarleg side vil nesten alle ha vore innom Civita/Minerva-miljøet på einkvan måte, seier han.

Hanne Kvilhaugsvik minner om at Civita held til i Oslo. Sjølv studerer ho i Bergen, der dei ikkje har ein slik felles arena for dei borgarlege partia.

– Det som samlar oss er meir at me er lei av ei raudgrøn fleirtalsregjering som har styrt i åtte år, seier ho, men legg til at det er litt synd at dei ikkje har noko liknande i Bergen.

Les siste nytt om politikk her!

Lærepengar
Øyvind Olufsen meiner venstresida bør læra av Civita:

– Først og fremst har dei klart å skape ein vellukka og dynamisk tenketank som famnar breitt. Dei er òg opne og inkluderande for menneske med andre politiske utgangspunkt enn det borgarlege, og er, kanskje overraskande for mange, lite dogmatiske. I dei politiske partia er det ofte lite rom for anna enn praktisk politikk. Tenketankane skapar eit forskjellig rom som kan blir til brukt å meisla ut lengre linjer.

– Kanskje har partia generelt minst like mykje å lære av Civita som venstrepartia spesielt, seier han.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43

Kommentarar

ANNONSE