Ta vare på våren

Ingrid Ophaug Dahl
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva om våren forsvinn?

No sit eg her atter ein gong. Med bøkene oppå hovudet og pennen i munnviken. Det er eksamenstid og eg er over middels stressa. Denne gongen er det eksamen i nordisk litteratur som står for tur. Ikkje nok med at eg mykje heller vil tenkje på valkamp enn Hamsun og trykktunge stavingar i dikt, det har attpåtil blitt varmt ute!

Våren kjem. Sakte vaknar naturen til liv, og med den vaknar vi menneske også frå ein lang vinterdvale. Vi forelskar oss i kvarandre og finn fram godviljen. Et is med vinterjakka på sjølv om det er ganske kaldt, berre fordi sola endeleg held seg oppe i meir enn eit par timar i strekk. Kjenner på glede, kanskje av ein så enkel grunn som at snøklokkene tittar fram i hagen. Våren er for meg eit teikn på at vi, og alt rundt oss, lever.

Som Alf Prøysen så fint sa det:

“Den siste snøen som fins i skaret, den tiner jeg, for jeg er April
Jeg gir deg blåveis i bekkefaret og regn og solskinn og mere til”

Klimaproblema og miljøvern har vore heftig diskutert dei siste åra, og diskusjonen held seg ofte på eit teknisk nivå. Det er mykje dei same debattane og varslingane som dukkar opp på ny, og det krev meir enn litt å halde interessa oppe. Sortert i eit klima-årshjul ser det omtrent sånn her ut. I januar er bylufta i Bergen på sitt aller verste.  På våren er CO2-nivået i atmosfæren på sitt høgaste. På sumaren kjem ekstremværet med flom i India og heitebølgjer i Midtvesten og i Russland. Det er tørt på vestlandet, og regnar på austlandet. Med hausten kjem det fram at sommarisen på Arktis igjen har nådd eit nytt rekordlågt nivå. Vinteren og kulda kjem seinare enn før. I desember er det klimatoppmøte, i skjønn foreining med tunge rapportar om kor ille det står til. Verdas klimatoppar har handlingsvegring. Året har gått rundt. Den elendige tilstanden til bylufta kjem igjen på leiinga i byrådet, som fanden på kjerringa.

Dei fleste av oss skjønar at klima og miljøvern inneheld mange store og vanskelege spørsmål – men kva skal til for at vi skal orka å ta det innover oss?

Vi kan snakka om øysamfunn som allereie har satt i gong tiltak for å tilpassa seg endringane, og kor dyrt dette er. Vi kan masa om klimaflyktningar, og korleis dei stadig vert fleire. Vi kan faktisk ta det ned på eit meir grunnleggjande nivå. Sjuande april presenterte Aftenposten klimaforsking som peikar på at våren og hausten forsvinn i Norge. Om oppvarminga av kloden stig i same tempo som den har gjort sidan 1980, kan sesongvariasjonane nordpå nesten viskast heilt ut!

Då kjenner eg ei bekymring for litteraturen vår. På førelesning i nordisk litteratur fekk vi klar beskjed om at våren var eit omgrep som var særs viktig og særeigent for vår kultur og litteraturhistorie. Eg sjekka det opp, og på dikt.org ligg våren som tema i lyrikken vår i tet saman med venskap og kjærleik. Det er ei heit potet. Eit frø som gong på gong har vorte sådd i kreative hjernar, som har ført til vakre ord som blir lesne og sunge av born og vaksne kvar gong det går mot vår.

Korleis skal eg ein gong i framtida, som norsklærar, vekkje lesargleda hjå norske ungdomar – om eg ikkje ein gong har årstidene på mi side? Så, i denne runda av heilt banale grunnar, vi må ta vare på kloden vår.