Vi et meir sushi

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sushikonsumet vårt i fjor var 25 prosent meir enn året før, viser tal frå Noregs sjømatråd.

Det er spesielt sushibretta i hyllene hos kioskar, bensinstasjonar og butikkar som freistar. I fjor kjøpte nordmenn sushi for 189 millionar kroner frå slike salsstader, noko som er ein vekst på 28 prosent frå året før.

Tre av ti nordmenn oppgir i granskinga at dei et sushi ofte, det vil seie minst to til tre gonger i månaden. Dette er nesten like mange som i Frankrike, der fire av ti svarar at dei et sushi like ofte.

Sushiappetitten til nordmenn blir ikkje berre dekt med at vi vel sushi oftare. Det kjem også stadig fleire sushibarar og restaurantar med sushi på menyen. Kvar åt sidan 2005 har det kome om lag 15 nye sushirestaurantar, og i dag kan nordmenn velje mellom om lag 200 matstader med sushi på menyen, skriv IntraFish.no. (©NPK)

Les meir om mat her!