– Det har vore kjempegøy, eg skulle ønske vi kunne gjort dette oftare, seier Cecilie Skurtveit.

Morten Sæle, Nordhordland
Morten Sæle, Nordhordland

 

Denne veka har ho og elevane ved Rossland skule leia antimobbekampanjen «Ver ein ven».

– Vi fekk utfordringa frå Storetveit skule, og den utfordringa har elevane tatt på strak arm, fortel faglærar for 9. klasse, Kamilla B. Kleppe. Ho har berre godord å komma med om innsatsen den siste veka.

– Dei har vore veldig flinke og aktive, og har hatt mange gode prosjekt, fortel ho.

700 nye likar

«Vær en venn» er eit antimobbeserie i regi av Bergens Tidende. Kvar veke er det ein ny skuleklasse som tek over stafettpinnen, og får utfordringa med å drifta Facebooksida til prosjektet. Der publiserer dei det dei har lyst til den veka dei har ansvaret. Målet er å få størst mogleg merksemd på det å vera ein ven.

LES OGSÅ: – SMS-terror er feigt

– Vi må laga så bra ting at det blir likt og delt av så mange som mogleg, sånn at fleire og fleire ser bodskapen, seier Kleppe.

Og niandeklasse på Rossland har verkeleg stått på denne veka, i skrivande stund har dei fått 700 nye likar på sida.

– Endå betre er det at det vi har lagt ut har blitt delt over 60 gonger. Vi har fått god respons frå andre skular som syns elevane har vore tøffe og flinke som har gjort dette, seier Kleppe. Ho legg til at elevane har gjort det meste på eiga hand.

– Vi lærarar har berre vore støttespelarar og lagt ting til rette, seier ho.

VENEKONTRAKT: Malin, Cecilie, Vanessa og Elisabeth viser fram 9. klassen sin eigen venekontrakt der dei tar eit standpunkt mot mobbing og kva dei skal gjera om nokon blir mobba. Foto: Morten Sæle

Les fleire saker om mobbing her!

Musikkvideo

Det er ikkje reint lite dei har fått utretta siste veka.

– På måndag spelte vi inn låta «Show Courage» av Askil Holm, og på tysdag lagde vi musikkvideo, fortel Cecilie Skurtveit. Dei har og laga ulike bildeseriar med musikk til, mellom anna ein serie om at ord har makt, og kor viktig det er å trekka fram det positive ein har å seia om kvarandre.

LES OGSÅ: – Mobbing er aldri barnas feil

– Bildeserien inspirerer til å villa sjå andre smila, og leita etter positive ting å seia til kvarandre, fortel Cecilie. I dette prosjektet vart elevane sett saman to og to på tvers av klassar og kjønn, og utfordra til å finna noko positivt å seia om den andre.

– Dette var utan tvil det prosjektet eg likte best denne veka, seier lærar Kamilla B. Kleppe.

Bildeserien og alt det andre elevane har laga denne veka finn du på Facebooksida «Vær en venn».

LES OGSÅ: Få klager på mobbing

VIL VERA EIN VEN: Elevane i 9. klasse på Rossland skule har drifta antimobbeserien "Vær en venn" denne veka. Bak frå venstre: Signe H Kvalheim, Tiril D. Brakstad, Vanessa Novak, Elisabeth Taule og Malin Madeleine Meyer-Bogen. Framme frå venstre: Casper T. Johnsen, Cecilie Skurtveit, Tanya-Celin Dale og faglærar Kamilla B. Kleppe. Foto: Morten Sæle

Les saka i Nordhordland!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43

LES OGSÅ

ANNONSE