– Arktisk mildvêr kan ha kjølt ned Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette kan ha kjølt ned Noreg

Så langt har våren vore ei heller kjølig oppleving, og fleire stader på Vestlandet har det vore snøvêrog reine julestemninga denne veka.

Våronna er forseinka mange stader, blant anna på Romerike, der det framleis er tele i bakken.

Særleg i mars var det unormalt kaldt, og temperaturane den månaden var dei lågaste sidan 1960-talet.

– I heile Europa og store delar av USA var det mykje kaldare enn vanleg, seier forskingsdirektør Nalan Koc ved Norsk Polarinstitutt.

Hovudårsaka til kulda og klarveret i Sør-Noreg i mars var eit kraftig høgtrykk. Men fleire forskarar ymtar om ein samanheng mellom høgtrykket og klimaendringar mykje lenger nord.

LES OGSÅ: Krise i sauefjøsen

Polarvind i ulage
Fleire studiar som er gjort dei siste åra, tyder på at issmeltinga rundt Nordpolen påverkar vêret langt unna Arktis.

Ein reknar med at forklaringa er at oppvarminga av ishavet svekkjer eit stort vindsystem som blir kalla den polare jetstraumen. Han slynger seg rundt den nordlege halvkula, høgt oppe i atmosfæren.

Når jetstraumen blir bremsa og endrar kurs, har både høgtrykk og lågtrykk lettare for å liggje stille. Periodar med kulde, tørke eller regn kan bli lengre.

– Når vêrsystema flyt saktare, aukar sannsynet for langvarige ekstreme hendingar, seier Koc til NTB.

QUIZ: Ta den store klimaquizen!

Ny teori
Framleis er det uvisse rundt jetstraum-teorien, og ein del forskarar meiner det er for tidleg å seie om han stemmer.

Koc meiner likevel at mars-vêret i Noreg passar godt med trua på at issmeltinga endrar jetstraumen.

Ho får støtte frå forskar Rasmus Benestad ved Meteorologisk institutt, som meiner mykje tyder på at oppvarminga av Arktis har ført til kaldt norsk vårvêr, ifølgje Aftenposten.

Samtidig understrekar Benestad at det står att spørsmål og at det finst argument som taler mot jetstraum-teorien.

Tørke i Texas
Den amerikanske forskaren Jennifer Francis, som står bak fleire av dei nye studia, føler seg trygg på at teorien stemmer. I mars sa ho til den britiske avisa The Guardianat jetstraumen oppheldt seg i ein rekord-posisjon og at vêret derfor heldt seg stabilt.

Også om sommaren kan høgtrykk bli liggjande stille dersom jetstraumen blir svekkja. Endringar i luftstraumen er tidlegare haldne fram som moglege forklaringar på tørkeperiodar både i Texas og Russland.

Smeltinga av havisen rundt Nordpolen skaut fart i 2007, og sidan den gongen har det vore ei rekke tilfelle av ekstremvêr, som ifølgje forskarar styrkar teorien om at smeltinga påverkar vêret mykje lenger sør.

Les fleire saker om klima her!

Faktaboks

Fakta om dei internasjonale klimaforhandlingane

* Nesten 200 land var i fjor samla i Qatars hovudstad Doha til den 18. partskonferansen i FNs klimakonvensjon, COP 18.
* Møtet vedtok ei forlenging av Kyoto-avtalen fram til 2020.
* Utsleppsforpliktingar i Kyoto-avtalen omfattar berre ei avgrensa mengd industriland, som til saman står for rundt 15 prosent av utsleppa av klimagassar i verda. USA står utanfor avtalen, mens Kina blir rekna blant u-landa og derfor ikkje har nokon utsleppsforpliktingar.
* Ein heilt ny klimaavtale som skal omfatte både USA og Kina skal vere ferdigforhandla i 2015 og tre i kraft i 2020.
* Neste klimakonferanse, COP 19, skal haldast i London i november.
* På klimakonferansen i København i 2009 blei landa einige om å avgrense den globale oppvarminga til 2 grader i forhold til førindustriell tid. Om lag 0,8 grader av denne oppvarminga har alt funne stad.
* Klimatiltaka i dag er heilt utilstrekkelege for å nå togradarsmålet. Vi går snarare mot ei oppvarming rundt 4 grader, ifølgje FN og Verdensbanken. Det kan få katastrofale verknader. (©NPK)