Deira dag – eller vår?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Første mai er monopolisert av venstresida. Dei ber faner med «Boikott Israel» og «Nei til atomvåpen», og stengjer oss ute. FrP får ikkje lov å fronta det me meiner er eit godt alternativ for arbeidsfolk.

Erik Tørrissen, første nestformann i Framstegspartiets ungdom (FpU), synest heile greia har sklidd ut. Han ser ikkje att dagens norske samfunn, slik han meiner det er, i dei årvisse markeringane av arbeidardagen.

– Og kvifor syng dei aldri tredje verset av «Internasjonalen»? spør han, og siterer uoppfordra einkvar liberalar sine favorittlinjer frå den gamle arbeidarhymnen:

I mot oss statens lover bøyes, av skatter blir vi tynget ned … FrP er det partiet med nest størst oppslutnad mellom LO-medlemmane, legg han til.

Det siste meiner Tørrissen viser at me i dag ikkje har klasseskilje som vert reflektert i partitilknyting. Ikkje synest han me har noko vesentleg klassedeling langs økonomiske skiljelinjer heller, forresten. Noreg er heldigvis eit land med nokså lik fordeling. Han er i det heile lite interessert i å snakka om klasse.

Dei aller fleste er lønnsmottakarar, og ferdig med det.

LES OGSÅ: – Vi treng ei sterk arbeidarklasse

Det blir alltid så ubehageleg med ein gong temaet «klasse» vert teke opp. Likevel skjer det med jamne mellomrom. Me menneske har som kjend ein hang til å kategorisera – korleis kan me skapa eit trygt og komfortabelt «oss», utan eit «dei» som er noko anna?

«Middelklassen» er stort sett ukontroversiell. Den er både romsleg og tøyeleg, han kan formast litt etter behov. Kanskje har han til og med eit øvre sjikt. Overklassen er det verre med. Få i Jante-Noreg vil plassera seg sjølve der, men han er kjekk å byggja sin eigen identitet mot.

Når me kjem til arbeidarklassen – då blir det bråk. Finst han? Kva er det i tilfelle som definerer han? Svara er mange: «Den finst ikkje, dette spørsmålet er uinteressant»; «Sjølvsagt finst han. Blir det ikkje litt ovanfrå-og-ned å sitja på øvre Blindern og spørja om det?»; «Det handlar om økonomi!»; «Det handlar om utdanningsnivå!»

– Joda, arbeidarklassen finst, men det er vanskeleg å definera han etter objektive kriterium. Det er ein opplevd identitet, seier Andreas Halse, leiar i Sosialistisk ungdom (SU).

Han legg til noko om kulturell kapital som noko som kan skilja arbeidarklassen frå middelklassen. Talet på bøker i bokhylla og sånt.

Det måtte vel koma. «Skriv ei sak om sosiale klassar utan å bruka Bourdieu», var beskjeden. Men den franske sosiologen som lanserte omgrepa økonomisk, sosial og kulturell kapital er tydelegvis vanskeleg å koma utanom.

Dei klassefikserte britane har drege det langt: BBC, statskanalen der borte på den andre sida av dammen, kom for eit par år sidan fram til at den gamle tredelinga av samfunnet var utdatert. Difor allierte dei seg med ei gruppe forskarar, som med utgangspunkt i Bourdieu utarbeidde eit nytt klassesystem. Det har heile sju kategoriar, så faren for forvirring er overhengande.

Heldigvis laga dei og ein test. Den som slit med identifiseringa og har tjue minuttar til overs kan finna sanninga om seg sjølv på heimesidene til BBC. Over 160 000 menneske har gjort det, og forskarane har konkludert med at berre snaue 40 prosent av dei passa i den gamle arbeidar- eller middelklassen.

LES OGSÅ: Lanserer sju nye klassar

Men nok om franskmannen og britane. Kva seier tyskaren med det enorme skjegget? Marx, klassekampen sin far, definerer som arbeidarklassen dei som ikkje har anna å selja enn arbeidstida si. Tid borgarskapet, dei med produksjonsmidlane, kjøper.

Kva då med oss studentar? Me havnar i ei mellomstilling, fordi me tek med oss noko ekstra ut i arbeidslivet: Kunnskap. Ein gjeng med halvproletarar, om du vil. Objektivt og enkelt, men likevel så vanskeleg.

– I dag er skulesystemet i stor grad utforma av middelklassen, og det føregår ei «shaming» av folk som ikkje vel høgare utdanning. Er du 25 og jobbar i butikk er du mislukka. Eg meiner lik rett til utdanning er ein av dei viktigaste sigrane fagrørsla har vunne, men ein må ikkje nedvurdera andre val, seier Halse.

Der var det igjen. Det med klasse. For om middelklassen har for stor innverknad, er vel det på bekostning av, ja, nokon andre? Eg trur me forstår kva han meiner. I løpet av «kva-skal-det-bli-av-deg»-samtalen på ungdomsskulen lot iallfall rådgjevaren meg forstå at ei «flink jente» burde leggja idéen om eit liv som kokk på hylla – og finna på noko anna. Eit godt utgangspunkt ville nok vera å ta almenfagleg vidaregåande og skaffa seg studiekompetanse.

Har utdanning gått frå å vera ein rett til å bli ei slags sosial plikt? Det er visst ikkje så enkelt og objektivt likevel, dette med klasse. Det er eit verdispørsmål. Noko er betre enn noko anna, ikkje berre annleis, og det er det klart det blir ubehag av sånt i jante-Noreg.

Av det Halse påpeikar, følgjer ei lang rekkje av konsekvensar.

– Fordi så mange kjenner på utdanningspresset, utdannar me ein god del menneske heilt feil. Sjå berre på fråfallsprosentane både i den vidaregåande skulen og ved dei høgare utdanningsinstitusjonane, seier Halse.

Av dei som fullfører ei lengre utdanning, vert mange skuffa. Forventingane om «ein kreativ jobb på Oslo vest med Mac’en i den eine handa og latten i den andre», som Halse seier, vert ikkje innfridde. Det er nemleg ganske mange grå og rutineprega jobbar som krev mykje meir utdanning no enn før. Årsaka er nettopp at så mange utdannar seg. Det har på ein måte gått inflasjon i det, bachelor er det nye vidaregåande, master er den nye bachelor.

Konsekvensen er at all denne kunnskapen me har tileigna oss taper verdi fordi han ikkje er lenger er spesiell. Noko av han er tilnærma universell, iallfall innad i vårt samfunn. Tyskaren med skjegget ville kanskje hevda at me etter enda studium likevel ikkje har meir enn arbeidstida vår å selja. Det å kunna skriva vart ein gong i tida rekna som ei ekstra ferdigheit. I eit slikt perspektiv er det kanskje ikkje så ovanfrå-og-ned likevel å sitja på øvre Blindern og fundera på kva arbeidarklassen er?

LES OGSÅ: K-ordet

Kanskje det er noko i det Tørrissen sa. Me er, eller kjem til å bli, lønnsmottakarar nesten alle saman. Og ein del av dei typiske akademikar-arbeidsgjevarane – som media og utdanningsinstitusjonane sjølve – syndar både ofte og grovt mot arbeidsmiljølova. Det skulle vera god grunn til å koma seg ut og gå i tog også den første dagen i mai for nokon kvar.

Apropos Tørrissen, det er vel på høg tid å sleppa han til orde att:

– Det er positivt at fleire tek utdanning. Med dagens kostnadsnivå kan me ikkje i Noreg konkurrera på prisen på arbeidskraft, me må satsa på kunnskap, seier han.

Men kven skal gjera drittjobbane då? Alt det me har vorte for gode for? Heldigvis for oss kan så godt som alle andre i heile verda konkurrera med oss på prisen på arbeidskraft.

Og dei gjer det gjerne: Kven er det som køyrer bussane våre, lagar maten vår og vaskar rundt føtene våre på lesesalen? Kva hende med «Arbeidere i alle land, foren eder!»?

Spør du meg, er det her det verkeleg vert ubehageleg.

Les saka i Universitas!