Markant hopp i overgangen frå april til mai.

Jorulf Myrene, Vikebladet
Jorulf Myrene, Vikebladet

Trudde du det var flest personskader i trafikken om vinteren? Ei fersk analyse frå forsikringsselskapet Tryg syner at talet på personskader i trafikken gjer eit markant hopp ved overgangen frå april til mai.

I desse dagar er det mange som leitar fram sykkelen og ivrige syklistar vert ein del av trafikkbiletet. Dette stiller særskilde krav til både bilistar, syklistar og andre som bevegar seg i trafikken.

LES OGSÅ: – Syklistar har krav på vegbana

Fleire skader i mai
– I perioden 2010 – 2012 var det langt fleire som skadde seg i trafikken i mai enn i april, seier Roald Stigum Olsen, pressetalsmann i Tryg.

Han forklarer auken med at det er i denne perioden syklistane vaknar frå vinterdvalen. I tillegg er det fleire store utfartshelger i samband med heilagdagane i mai, noko som resulterer i auka trafikk og gjerne høgare stress for å kome fram raskt for å få mest mogleg ut av helga.

Når det gjeld skadene som vert meldt inn til Tryg, dreier dette seg ofte om påkjørsler bakfrå og ein del er vikepliktsaker.

– Men særleg i sommarhalvåret ser vi ei auke i samanstøytar mellom syklar dei siste åra, noko som truleg heng saman med at det er fleire syklar på vegane no enn før, tippar Stigum Olsen.

Han peikar også på at sykkelen vert nytta på ein annan måte no enn tidlegare

– En sykkeltur til jobb er no ei retteleg treningsøkt i stort tempo, medan det tidlegare var transport, trur Stigum Olsen.

LES OGSÅ: Slik klargjer du sykkelen til våren

Han oppmodar difor alle trafikantar til å skru ned tempoet og være meir merksame, særleg overfor syklistar.

Tryg sine eigne tal vert underbygde av til frå Statistisk Sentralbyrå (SSB). I mai 2012 registrerte SSB totalt 736 personskadar i trafikken mot 540 i april det same året. Tilsvarande funn er registrert både i 2011 og 2010. SSB sine tal syner også at talet pål personskadar i trafikken auker ytterlegare frå mai til juni for deretter å halde seg på eit høgt nivå resten av året.

– 19 menneske mista livet i trafikken i mai månad i fjor, det er 19 liv for mykje, seier Roald Stigum Olsen.

Les saka i Vikebladet!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43

Kommentarar

ANNONSE