Sterk oppmoding frå redningspersonellet til russen.

Morten Sæle, Nordhordland
Morten Sæle, Nordhordland

 

Orda kjem frå Ståle Hauge i Lindås og Meland brannvern, som delte sterke opplevingar med russen under den årlege trafikkaksjonen torsdag.

Under aksjonen fekk russen demonstrert kva krefter som er i sving i ein kollisjon med bilar som vart slept frå kran.

Alle blålysetatane var på plass og demonstrerte arbeid på skadestad, mellom anna hurtigfrigjering av fastklemde personar frå bilvrak.

Skremmande
– Det er verkeleg skummelt å sjå, ein bør unngå å smella, seier Simen Eriksen, Kristian Kulild og Yngve Gjelsvik frå Knarvik vgs etter ein kikk på bilen som vart slept frå 25 meter, tilsvarande 80 kilometer i timen.

LES OGSÅ: – Ikke drikk dere bevisstløse

– Det er ikkje så mykje håp når det ser sånn ut, særleg med eldre bilar som ikkje toler så mykje, seier dei.

Inne i salen får russen høyra sterke historier frå fleire som har opplevd tragiske ulukker på nært hald, opplevingar som har sett djupe spor og som gjer sterkt inntrykk på publikum.

Ståle Hauge frå Lindås og Meland brannvern deler si historie om ein dag på jobb han gjerne skulle vore forutan, desember-dagen i 2010 då Kjersti og Renate Holmaas miste livet i ei tragisk ulukke ved Ostereidet. Etter at dei kom til ulukkesstaden vart det fort klart at ulukka hadde fått eit dødeleg utfall.

Ingenting å gjera
– Vi kunne tenkt oss å hatt det travelt, men det var ingenting vi kunne gjera. To unge liv var gått tapt, fortel Hauge med tårer i auga.

LES OGSÅ: Til sykehus etter russeslipp

– Den dagen vart jobben min å legga eit teppe over desse to jentene, det er tøft å sjå to unge liv forsvinna, seier han.

– Ver så snill, la oss sleppa å klippa deg ut av eit bilvrak og legga teppe over deg, ver så snill, oppfordrar Hauge.

Ta vare på livet
Den eine av dei to søstrene skulle sjølv vore russ i år, og den sterke historia gjorde at mange i salen tok til tårene. Ivar og Maud Holmaas, foreldra til dei to jentene, fortalde om saknet og minna i tida etter ulukka.

LES OGSÅ: Russen sykere i russetida

– Vårt ønske og håp er at færrast mogleg skal bli ramma, og at alle gjer det dei kan for å unngå å hamna i ein sånn situasjon, kjære russ, ta vare på livet, seier dei.

PÅ SKADESTADEN: Representantar frå alle blålysetatane demonstrerte korleis dei jobbar på skadestaden. Russen fekk sjå hurtigfrigjering av fastklemde personar der to brannbilar vert brukte for å dra bilvraket ope for å frigjera og ta ut skadde personar. – I denne typen ulukker med kraftige samanstøyt tel kvart minutt, faren for indre blødingar er stor, fortel varabrannsjef Nils Medaas. Foto: Morten Sæle

Les saka i Nordhordland!

Les fleire saker om trafikktryggleik her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43

LES OGSÅ

ANNONSE