Svært godt år for Det Norske Teatret

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til saman 223.491 besøkjande var innom teatret i fjor. Det er nesten 40.000 fleire enn året før.

På hovudscenen var det særleg musikalen Evita, Abrahams barn og Det gode mennesket frå Sezuan som trekte mykje publikum. Teatret trekkjer også fram barneframsyninga Felix Fantastiske orkester og Fotballoperaen Norge-Brasil som kunstnarlege sigrar med eit nøgd publikum.

LES OGSÅ: Himmel og helvete på Det norske

Teatret gler seg òg over god oppslutnad på framsyningane på dei mindre scenene. Fleire Heddaprisar gjer også at teatret meiner 2012 går inn i historia som eitt av dei beste for Det Norske Teatret.

Også økonomisk er teatret godt nøgd. Av omsetnaden på 201,7 millionar kroner, utgjorde eigeninntektene 52,508 millionar kroner. Dette er den høgaste eigeninntekta Det Norske Teatret har hatt nokon gong. Årsresultatet viser eit overskot på 2,5 millionar kroner.

– Vi er godt nøgde med årsresultatet, aldri tidlegare har eigeninntektene vore så høge, seier direktør Astrid Driva Rødsand.

LES OGSÅ: – Fuck it!

Resultatet er likevel 4,7 millionar kroner lågare enn i 2011.

– Det er ikkje noko mål for oss å gå med eit veldig stort overskot, men å bruka pengar på å laga teater. Grunnen til at resultatet var høgare i 2011, er at vi då fekk store inntekter på slutten av året og ikkje rakk å generera pengane inn att i drifta. I fjor greidde vi derimot å bruka pengane vi fekk inn til å laga teater og nye framsyningar, seier Rødsand til Nynorsk pressekontor. (©NPK)