No skal førsteårsstudentar få støtte til studiar i USA, lovar kunnskapsministeren.

mm

I dag lova statsråd Kristin Halvorsen at førsteårsstøtte til USA skal vera ei prioritering på statsbudsjettet for 2014.

– Dette er eit kjempeløft for utanlandsstudentane og ei glede for ANSA! Me har jobba for denne saka i 27 år, heilt sidan førsteårsstøtta til USA blei fjerna på åttitalet. Me har prøvd å få politikarane til å innsjå at Noreg bør prioritera å satsa på kunnskap og kompetanse frå utdanningsnasjonen USA. Når førsteårsstøtta blir innført, vil alle framtidige studentar ha like høve til studium i USA, uavhengig av sosial bakgrunn, seier ein særs nøgd president i ANSA, Henriette N. Thommessen i ei pressemelding.

Ordninga slik han er i dag gir ikkje støtte frå Lånekassa til det første året av bachelorgrader i USA, som er fireårige. Dermed har studentane måtte betale for dette året av eigen, eller gjerne heller foreldra sine, lomme.

LES OGSÅ:Utanlandsstudentar nedlessa i utanlandsgjeld

Det er enno seks månader til statsbudsjettet blir lagt fram og blir vedtatt, og ANSA ber alle parti om å halda på saka.

– Alle parti på Stortinget har gjeve ANSA støtte i denne saka og me inviterer alle partia til å vera med ANSA i denne viktige prioriteringa for framtidige utanlandsstudentar, seier ho Thommessen.

Les meir om studiar og jobb i utlandet!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE