To vegar mot vaksenlivet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor konfirmerte over 41.000 ungdomar seg i kyrkja, medan mellom ni og ti tusen kvart år vel å konfirmere seg humanistisk.

19. mai går Halvor Eidissen (14) og 15 klassekameratar opp midtgangen i Rauland kyrkje, kvitkledde og truleg ganske spente. Dei har delteke på konfirmasjonsundervisning i regi av kyrkja i snart eitt år, og har også delteke på fleire gudstenester, som ein del av den kristne trusopplæringa konfirmasjonen er. Halvor er klar på kvifor han har valt å stå til konfirmasjon.

– Det er for å stå opp for dåpen. Er det ikkje det det handlar om, då?

Framleis ungdom
Konfirmasjonen handlar om å ta eit val om at ein ynskjer å bli verande i statskyrkja. Så dei heilt store endringane fylgjer ikkje med det konfirmerte tilværet, meiner Halvor. Han trur faktisk det blir heilt likt som no.

– Eg ser ikkje på konfirmasjonen som starten på vaksenlivet. Me går framleis i 9. klasse dagen etter, seier han.

I dag er det ikkje lenger slik at ein stryk til konfirmasjonen om ein ikkje har pugga godt nok. Halvor er glad tidene har forandra seg.

– Men eg trur nok foreldra og besteforeldra våre var opptekne av mange av dei same tinga som me er no. Bortsett frå at dei ikkje hadde fargefjernsyn og sikkert var meir ute, smiler han.

Kongekrabbe på bordet
Han gler seg til konfirmasjonsdagen, men har ikkje tenkt så mykje på korleis han trur den blir. Det han veit, er at det blir servert kongekrabbe frå Nord-Noreg – levert frå fiskarvener av familien i høve den store dagen.

Og gåvene?

– Sjølvsagt er det fint med gåver. Men dei betyr ikkje så mykje. Det er ikkje det konfirmasjonen handlar om.

Sjølvsagt humanistisk
Margit Rønning Omholt (15) gler seg til konfirmasjonsdagen. Det har alltid vore sjølvsagt for henne at ho skal konfirmere seg, og at ho skal stå til humanistisk konfirmasjon.

– Eg gjer det fordi eg har lyst. Sidan eg ikkje er kristen, ville det vore dumt å stå i kyrkja og seie ting eg ikkje meiner, seier Margit.

Ho har lært mykje om det å vera menneske i løpet av det siste året med konfirmasjonsundervisning i regi av Human-Etisk forbund. Etikk, identitet og menneskerettar er viktige tema i undervisninga.

LES OGSÅ: Her blir alle konfirmerte

Set i gang tankar
Det som ofte gjer aller størst inntrykk på konfirmantane er opplegget «Camp Refugee», der dei mellom anna gjennomfører eit rollespel med små bitar av det menneske på flukt går gjennom. Dei må heile tida ta avgjerder og leve med konsekvensane det får vidare i rollespelet. Dei får høyre korleis mange menneske har sine grusomme siste timar, og får innblikk i historia gjennom opplevingane i rollespelet. Ungdommane får minimalt med svevn og mat så lenge spelet varer.

– Det er nok ikkje så mange her i Noreg som tenkjer over korleis det er å vera flyktning, seier Margit.

– Eg har begynt å tenkje meir på kor ille mange menneske har det etter at eg var med på campen, legg ho til.

LES OGSÅ: Ber kyrkja bremse festen

Litt flaut med taler
No nærmar den store dagen seg. Margit ser fram til ein fin dag med familie og god mat, og sjølvsagt er det fint å få gåver.

– Men gåvene skal ikkje vera det viktigaste, seier ho.

Margit er meir skeptisk til korleis det blir å vera midtpunkt.

– Det blir nok litt flaut. Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjera når dei held taler for meg. Men eg gler meg likevel, smiler ho.

Les fleire saker om konfirmasjon her!

Les saka i Vest-Telemark Blad!

Faktaboks

Om Halvor:
Kjem frå: Rauland
Sysken: Ingvald (7), Johanna (12)
Likar å drive med: Idrett – skiskyting, fotball og friidrett.
Likar best å høyre på: Høyrer nesten ikkje på musikk.
Likar best å sjå på: Sport og å spele Fifa.
Vil bli: Drøymer om å bli toppidrettsutøvar.
Kvar er du og kva gjer du om 20 år: Anar ikkje.

Om Margit:
Kjem frå: Rauland
Sysken: Åsta (17)
Likar å drive med: Forskjellig. Vera med vener, kjøre twintip, høyre på musikk.
Likar best å høyre på: Mykje rart. Er veldig glad i Coldplay og OneRepublic, men òg mykje anna.
Likar best å sjå på: Alt mogleg som går eigentleg – men seriar i staden for reality, då.
Vil bli: Veit ikkje. Har ingen planer. Men vil ha en jobb som eg trivst med.
Kvar er du og kva gjer du om 20 år: Har eit fint hus, kanskje dyr, helst hund. Mange gode vener, og kanskje ein familie.

Om kyrkjeleg konfirmasjon:
I løpet av konfirmasjonstida skal alle ha arbeidd med truvedkjenninga, fadervår og boda. Konfirmantane skal vera fortrulege med gudstenesta, sakramenta og kjenne Bibelens store forteljing, sett i ljos av si eiga og fellesskapens forteljing. Konfirmasjonstida skal fremje opplevinga av eigenverd og leggje til rette for at konfirmantane kan sjå seg som skapt, elska, frelst og halde oppe ved Guds kjærleik. Gjennom konfirmasjonstida blir det lagt til rette for å bli kjent med og delta i delar av kyrkjelydens arbeid. Blant kjernetiltaka er gudstenester, undervisning, diakoni (kyrkjas omsorgsteneste). I de fleste kyrkjelydar vil konfirmanten kunne delta på leir, vera med i samtale- og interessegrupper, solidaritetsaksjon, musikk, dans og drama.
(Henta frå kyrkja.no)

Om humanistisk konfirmasjon:
Humanistisk konfirmasjon er eit tilbod til ungdom som ynskjer eit kurs i livssyn og etikk og ein høgtideleg seremoni på dette grunnlaget. Med kurset ynskjer Human-Etisk forbund å oppmuntre til sjølvstendig tenking og etisk refleksjon, i tillegg til å styrke dei humanistiske verdiane i samfunnet. Gjensidigheit, ansvarsmedvit og respekt for andre er fine ord, men kva tyder dei – ikkje berre på papiret, men også i praksis? Og kva tyder det å ta ansvar for eiga livsutfalding – og samtidig bidra til at andre har dei same moglegheitene? Dette er nokre av temaa som blir tatt opp i kurset.
(Henta frå human.no)