Navarsete er sjukmeldt
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) er delvis sjukmeldt ut april etter eit trafikkuhell i påska.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I departementet får NRK bekrefta at Navarsete er 50 prosent sjukmeldt. Grunnen er at ho køyrde inn i ein bil bakfrå og hamna utfor vegen i heimbygda Lærdal i påska. Bilen stoppa på ein plen ved eit bustadhus etter å ha køyrd ned gjerdet og postkassen ved huset.
Ifølgje statssekretær Erlend Fuglum skjedde utforkøyringa då bilen framfor Navarsete bråbremsa slik at statsråden ikkje rakk å stogge.
Som følgje av ulykka fekk ho ei hjerneristing som ho har vore plaga med i ettertid, blant anna med hovudverk.
– Navarsete kjem til å prioritere dei viktigaste sakene, men vi har fleire som får delegert oppgåver, så dette kjem til å gå bra, seier Fuglum.
LES OGSÅ: Få kvinner melder seg frivillig