Frå Volda til Cannes på eitt år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Filma katolsk eksorsist

 

– Me fekk maksimalt ut av den Volda-turen. Det var absolutt verdt bilturen, fortel Christian Falch.

Saman med Fredrik Horn Akselsen har han mykje å takke Den Norske Dokumentarfilmfestivalen for. I desse dagar sit dei og redigerer ferdig «Eksorsisten i det 20. århundret». I filmen følgjer dei Padre Fortea, ein katolsk eksorsist.

– Det var heilt tilfeldig at vi begge tenkte at ein eksorsist ville gjere seg godt på storskjermen. Eg byrja å undersøke nærmare, og kom etter kvart i kontakt med hovudpersonen (José Antonio Fortea Cucurull, red. m.). Då ringde eg Fredrik og fortalde han den gode nyhenda, seier Christian.

Då ideen var i boks, sende dei ein søknad til Midtnorsk filmsenter. I retur fekk dei 100.000 kroner. Med desse midlane byrja dei å gjere opptak. Det var seinhausten 2009.

LES OGSÅ: Slik skal kyrkja driva ut "uro" i hus

Trudde toget var gått
I februar klipte dei ein pilot av opptaka dei hadde gjort så langt, og melde seg på pitchetevlinga til Dokfilm. I tillegg til å selje ideen sin til ein jury, vitja dei ein pitcheworkshop med mellom andre Stig Andersen frå Norsk filminstitutt.

– Vi hadde ikkje noka klar magekjensle på kva juryen meinte om ideen. Det vart ganske vanskelege spørsmål, slik eg hugsar det, seier Christian.

Representantar frå både NRK og TV 2 sat i juryen. Førstnemnde valde å støtte eit anna prosjekt.

– Då trudde me toget var gått, fortel Christian.

Men toget sto framleis ved perrongen. Lokførar var TV 2. Deira representant i Volda det året, Vebjørn Hagen, skulle vise seg å bety mykje for vegen vidare for Christian og Fredrik.

– Vebjørn fortalde oss at det hadde vore ”krangel” på bakrommet fordi både TV 2 og NRK ville ha filmen deira. Vi vart veldig glade, for det var den første positive reaksjonen me fekk frå nokon utanfrå, fortel han.

– Det var ikkje pengane som var det viktigaste, men anerkjenninga.

LES OGSÅ: – Mykje bra norsk dokumentar

«Twelve for the future»
Men anerkjenning er ikkje alltid nok, og etter ein del om og men enda dei likevel opp hos NRK. Christian og Fredrik kontakta sjølv statskanalen. Grunnen var at dei meinte filmen hadde meir ”NRK-preg” over seg. Det enda med at dei fekk i stand ein avtale og pengar frå NRK. Stig Andersen frå Norsk filminstitutt sat òg i juryen under festivalen, og dermed fekk dei nokon slantar frå dei òg. Etter suksessen i Volda gjekk turen vidare til fleire andre festivalar, der for å presentere ideen sin. Like til Cannes drog dei.

Sjølv om Christian og Fredrik tok med seg filmen frå TV 2 til NRK, verka ingen bitre av den grunn. Vebjørn Hagen, som i 2010 sat i juryen for TV 2, fekk dei inn i Twelve for the future, eit nettverk for å hjelpe lovande, nordiske dokumentarfilmskaparar opp og fram.

Paraplydrinkar og lysekroner
Eventyret enda ikkje der. Distributøren deira anbefalte dei å melde seg på Co-production Challenge under MipDoc – eit årlig bransjetreff kor dokumentarfilmskaparar får vist seg fram for bransje-Gud og bransjekvarmann. Som andre norske dokumentarfilm nokosinne vart dei valde ut til å selje inn filmen på Hotel Carlton i Cannes.

– Volda var fint det altså, men å stå i Cannes under dei overveldande lysekronene på Hotel Carlton var noko heilt anna, seier Christian.

Han fortel med lengt i stemma om strandfestar og paraplydrinkar. Og om gode tilbakemeldingar frå store kanalar som til dømes BBC og Channel 4.

Den lange bilturen til Volda enda med at Norsk filminstitutt og NRK heiv seg med og støtta dei, og Hagen fekk dei inn i Twelve for the future og paraplydrinkar i Cannes.

– Me hadde ikkje enda opp i Cannes utan turen til Volda. Det var kanskje den smartaste køyreturen me har tatt, understrekar Christian.

Faktaboks

Fredag den 26.april skal Den norske dokumentarfestivalen ha pitchetevling inviterer filmskaparar til å presentera sine filmidear framfor ei jury. I juryen vil det sitje representantar frå både NRK og TV2 og ein vil ha høve til å vinne stønad til prosjektet sitt på 15.000 kroner frå både NRK og TV2.