Slik skal kyrkja driva ut «uro» i hus

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik skal kyrkja driva ut «uro»

 Kyrkjemøtet vedtok tysdag ein liturgi som kan brukast når folk ber presten eller ein annan kyrkjeleg medarbeidar om å koma og velsigna heimen deira. Liturgien kan også brukast i hus der nokre opplever uro, utryggleik eller hendingar som er vanskelege å forklara.

Den som bur i huset skal vera til stades under handlinga. Kyrkja strekar også under at det ikkje er deira oppgåve å ta stilling til moglege årsaker til at nokre opplever det som blir kalla uro i huset, men kyrkja vil gje sjelesorg og hjelp med Guds ord og bøn.

– Trygt alternativ
Den nye liturgien er bygd på ein nordsamisk variant, opplyser Den norske kyrkja

– Eg synest det er bra at kyrkja kan tilby folk eit trygt alternativ med denne liturgien. Slik liturgien er utforma no, er han både tryggleiksfremjande og fleksibel nok, seier Gunnar Gjevre frå Hamar bispedømmeråd.

På Kyrkjemøtet var det diskusjonar om velsigninga skulle utformast som ein liturgi eller ei rettleiing, men delegatane samla seg altså om å gje velsigninga status som liturgi. Det betyr mellom anna at velsigninga er utforma som eit ritual.

Kritisk til «spøkjelsesliturgi»
Fleire var på førehand skeptisk til liturgien, fortel Dagen.

– Korleis blir dette oppfatta? Vi veit at det er stor business knytt til uro i hus. Eg er redd liturgien set dette i system, seier delegat Einar Bjerkvik Bovim.

Også sokneprest i Elverum, Ole Kristian Bonden, er skeptisk.

– Problemet med saka er at ho blir oppfatta som ein spøkjelsesliturgi. Difor hadde eg ønskt at vi kunne vedta det som ei rettleiing, som har ein annan status, seier Bonden.

Ikkje båt, bil eller fly
I møteprotokollen strekar komiteen under at «å vedta en slik liturgi ikkje medfører at det også må utarbeides egne liturgier for velsignelse av båt, bil, fly o.l..». Komiteen viser til at det i bøneboka er tematisert ei rekkje andre livssituasjonar enn tilhøva i hus og heim, utan at det blir utarbeidd liturgiar for dette.

Den nye liturgien er utforma med ei rekkje bibelvers og bøner. Endeleg versjon av liturgien vil truleg vera klar til bruk ein gong i sommar. Vedtaket blei fatta mot éi stemme.(©NPK)