– Høgrepartia snakkar Noreg ned

Statsminister Jens Stoltenberg er lei av Høgres og Framstegspartiets elendeskildring av norsk skule, helsevesen og næringsliv.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

– Kor lenge må vi høyre på at høgrepartia snakkar Noreg ned? Landet vi er glade i, menneska vi stoler på og alt det fine vi får til saman, sa han i talen sin til Ap-landsmøte.

Han viste til menneske han har møtt rundt om i landet, folk som trur på ei framtid for kommunen sin, bedrifta si eller laget sitt. Gründerar, ungdom og frivillige.

– Dette er personar som forventar at vi politikarar skal handle, ikkje berre krangle. Eg er einig med dei, seier Stoltenberg, og kom med eit hjertesukk.

– Eg er så inderleg lei av Frp og Høgres elendeskildring av Noreg, sa han.

– Tidsskilje
Under fem månader til valet i haust, og med ei oppslutning som ligg langt under den Ap treng for å vinne att regjeringskontora, valde Ap-leiaren å gå rett i strupen på Høgre og Framstegspartiet i landsmøtetalen sin. Stoltenberg meiner at valet for første gong i historia vil stå mellom ei regjering leidd av Arbeidarpartiet eller ei regjering til høgre for Høgre.

– Før har det handla om eit borgarleg alternativ som vendte seg politisk inn mot sentrum, medan det nye ved valet i haust er at Høgre og Framstegspartiet har avklart at dei vil regjere saman, sa han.

Og kallar valet eit historisk retningsval der mykje står på spel. Han meiner at valet vil handle om ei trygg økonomisk styring, eller uvisse for norsk økonomi, at det handler om ein god skule for alle, eller privatisering av skulen, eit ryddig arbeidsliv eller svekt stillingsvern, og om vi skal ha ei regjering som tar klimatrusselen på alvor, eller som ikkje er einig med seg sjølv om det finst eit menneskeskapt klimaproblem.

– Det er heilt avgjerande for kva retning vi vel, sa Stoltenberg.

QUIZ: Kva veit du om Arbeidarpartiet?

Tilbakeblikk
Ap-leiaren brukte mykje av talen sin til å gå i rette med kritikarane. Til dei som meiner at den raudgrøne regjeringa har levert keisame budsjett har han eit klart svar:

– Eg innrømmer at andre land har meir spennande statsbudsjett enn våre. I Hellas, der er det mykje meir spennande, der, seier Stoltenberg, og legg til.

– Mitt mål er å leie landet på ein så uspennande måte at folk kan leve spennande liv, sa han. (©NPK)

Kva meiner du? Får regjeringa ufortent kritikk? Del tankane dine i kommentarfeltet!