13-åringar framfor skjermen

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette gjer dei på skjermen

Frå barn er ni år og opp til 16 år aukar bruken av skjerm og nett mykje. Vi har spurt dei som er midt i mellom om kva dei brukar skjermtida si til. Under kan du få sjå kva Annette Gjesdal Håkonshellen og Mathias Jamt frå Bergen gjer framfor ein skjerm.  

Frå 32 til 90 prosent

Bruk av internett, aukar raskt med alderen. 32 prosent av barn mellom 9 og 11 år brukar nett kvar dag. 65 prosent av norske 12 til 14-åringer bruker nett kvar dag, medan heile 90 prosent av barn mellom 15 og 16 år er på internett kvar dag. 78 prosent av 15-16-åringene seier at dei er på sosiale nettstadar kvar dag, mot berre 20 prosent av 9-11-åringene, syner tal frå EU Kids Online.

Mathias (13) bruker kring fem til sju timar dagleg, for det meste datamaskin. Då likar han å vere på Facebook, høyre på musikk, gjere lekser, spele Temple Run og Minecraft.

Som oftast bruker han å spele saman med kamerater. Dei kjem til han eller han dreg på besøk. Når dei ikkje har moglegheit til å vere i same rom og spele, brukar dei å snakke saman over nettet medan dei spelar.

LES OGSÅ: Skjermtid blir firedobla frå 11 til 16 år

– Idiotisk

– Eg trur foreldra mine av og til tenkjer det er litt idiotisk å berre sitte alene og spele, seier Mathias. Mora hans kjem nokre gongar innom rommet hans når han sit aleine og spelar.

– Dei ynskjer at eg skal vere sosial med dei. Nokre gongar synes eg det er greitt, andre gongar vil eg berre spele, fortel Mathias.

Han anslår at han bruker kring to timer på lekser framfor datamaskinen kvar dag, i tillegg kjem noko speling på datamaskin og spelkonsoll.

– Når eg merker at eg vert sittande å spele dataspel sjølv om vener har spurt om eg har lyst til å vere med ut og spele fotball, tenkjer eg at eg er litt hekta. For eg har jo mest lyst til å spele fotball, seier Mathias.  

Aktiv bloggar

Annette likar å lage blogginnlegg, vere på Facebook, Instagram og Snapchat, spele Subway Surfers og Hay Day. Ho trur ho er tilbringar kring sju timar framfor ein skjerm kvar dag, mest tid brukar ho på fjernsyn.

Ho har ein eigen blogg som vert oppdatert kvart dag.

– Det siste innlegget eg la ut var bilete av dagens antrekk. Det var publisert før i dag. Eg får nesten aldri tid til å lage innlegg før eg går på skulen, men eg brukar å lage ferdig innlegg slik at dei vert publisert om morgonen. Det er noko som heitar tidsinnstilte innlegg som gjer det mogleg, forklarar Annette.

Mellom 30 og 200 personar er innom bloggen hennar, både vener, familie og personar ho ikkje kjenner.

– Det er veldig gøy når mange har lest innlegga. Då får eg lyst til å blogge meir, seier ho.

Annette bruker å finne fram til fine bilete innan ulike tema og setje dei samen.

– I dag ynskjer eg å lage eit innlegg som skapar sommarstemning. Eg ynskjer at blogginnlegga mine kan inspirere andre. 

– Mange kommenterer på bloggen min også. Nokre gonger kjem det stygge kommentarer, om at dei ikkje liker bloggen og at kleda mine er stygge og sånn. Då har det hendt at eg har tenkt at eg vil slutte å blogge, men så får eg veldig mange positive kommentarar også.

LES OGSÅ: Blir betre til å lesa av action-spel


FORTELJARGLEDE: Annette Gjesdal Håkonshellen likar veldig godt å både skrive gode fortellingar og innlegg på bloggen sin og lese gode historier. – No er eg i gang med å lese alle Harry Potter-bøkene for tredje gong. Foto: Silje Katrine Robinson

Les saka på Magasinett!

Faktaboks

Minuttar brukt til internett i 2012
9-15 år: 80 min.
16-24 år: 163 min.
25-44 år: 122 min.

Sjå fleire tal på Norsk Mediebarometer, 2012!