Frp vil ta ein milliard frå dei små kommunane.

NPK
NPK

Framstegspartiet vil fjerne småkommunetilskotet for å presse fram samanslåingar.

– Å fjerne dette tilskotet vil smerta dei kommunane det gjeld. Men målet med dette er å få i gang naturlege kommunesamanslåingar, seier Gjermund Hagesæter, som representerer Frp i kommunal- og forvaltingskomiteen, til NRK.

Småkommunetilskotet går til 164 kommunar her i landet som har mindre enn 3200 innbyggjarar. Kommunal- og regionaldepartementet har rekna ut å dersom ein fjernar tilskotet vil 929 millionar kroner bli flytta frå små til større kommunar.

Stortingsrepresentant Kjersti Toppe frå Senterpartiet avviser forslaget blankt og mender det ville vore meir realt av Frp å gå inn for å tvinge kommunane til å slå seg saman. (©NPK)

Er det for mange kommunar i Noreg? Bør ein bruka økonomiske verkemiddel for å få ned talet? Diskutér i kommentarfeltet!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43

LES OGSÅ

ANNONSE