Heidrar Justin Bieber med 75.000 roser

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har kjøpt 75.000 roser til Bieber

Esin Ciftci er truleg ein av dei største Justin Bieber-fansa i Noreg. Ho er ein ekte belieber. I sommar gjekk ho i spissen for ein parade opptil 500 belieberar som gjekk gjennom Stavanger til ære for idolet deira. Det høgaste ønsket hennar dei siste åra er å treffa han i i levande live. Ho har billett til alle dei tre konsertane i Telenor Arena.

– Eg er med i ei gruppe, Norwegian Beliebers on Tour, som har jobba i over eitt år for å prøva å treffa han, seier Esin Ciftci.

Dei har kontakta alle tv-kanalar, plateselskapet og mange andre for å få treffa tenåringsidolet.

LES OGSÅ: Skammar seg ikkje av å vera belieber

– Misunnelege
Men det har kosta å vera belieber. I Justin Bieber-paraden i Stavanger i fjor blei det kasta stinkbomber etter ho. Folk har skubba til henne og snakka stygt. Det har blitt mykje mobbing.

– Eg har blitt mobba i åtte år, også før eg byrja å lika Justin Bieber. Men no bryr eg meg ikkje lenger. Eg har kome over det, seier Esin Ciftci frå Sandnes. No har ho funne seg nye venner.

I haust fekk skulen hennar inn nokon som snakka om mobbing på skulen. I desember bestemte ho seg for å visa den tøffe sida av seg. No har ting roa seg, fortel ho.

– No bryr eg meg ikkje lenger om alle dei negative kommentarane. No synest eg berre dei er morosame. Mamma seier dei berre seier det fordi dei er misunnelege, seier Esin.

Sevab Ciftci, mor til Esin, seier ho synest ho taklar det på ein veldig fin måte.

– Eg har blitt knust nokre gonger når eg har lese dei stygge kommentarane, men ser at ho taklar det betre enn eg hadde gjort, seier ho.

LES OGSÅ: – Vi må ta Bieber-hysteriet på alvor

Felles mobbehistorie
Esin likar ikkje berre musikken til artisten Justin, men kjenner seg igjen i mobbehistoria hans. Det er sterkt for henne. Han blei også mobba.

– Kva vil du gjera viss du får treffa han?

– Eg har hatt ein draum dei siste tre åra om at eg vil grina på skuldra til Justin Bieber. Det er mykje eg har gått gjennom for hans del, seier Esin Ciftci.

– Men viss du får snakka med han – kva vil du spørja han om?

– Eg vil spørja han om korleis han har det. Slik eg kjenner han trur eg ikkje han har det så bra. Eg trur han har nokon som bryr seg om han. Eg vil spørja han om han angrar på om han kom seg inn i dette miljøet. Det er ikkje ut som han har det så veldig bra. Det ser ut som om han treng ein pause frå frå alt – frå papparazziarane og alle som krev så mykje av han. Eg trur han kunne ha godt av å berre vera med venner og slappa meir av, seier Esin.

– Dei mest ekstreme fansa
– Kvifor er det så mykje oppstyr rundt konserten til Justin Bieber i Noreg?

– Utan tvil er belieberane i Noreg dei mest ekstreme fansa. Det viste seg då Justin Bieber hadde konsert i fjor ved Operaen, og fleire blei skadde.

Sjølv var ho ikkje til stades, då, men følgde med via tven.

– Eg skulka skulen fordi eg var så lei meg for at eg ikkje fekk dra til Oslo, fortel ho.

I løpet av dei 4 ½ åra ho var vore belieber, har ho brukt kring 30.000 kroner på Justin Bieber – anten det er snakk om Justin Bieber-parfyme eller nokon av dei beste billettane til dei tre Justin Bieber-konsertane i Telenor Arena på Fornebu denne veka.

Mor hennar synest det kan bli veldig slitsamt med ein belieber i hus.

– Men betyr veldig mykje for henne. For hennar del vil eg la henne få kosa seg med det, seier Sevab Ciftci.

ARE KALVØ: As long as you love tentamen

Populær blogg
Som bloggar på Noregs største Justin Bieber-blogg, JDBNorway, får ho av og til nokre Justin Bieber-effektar. Men så lenge ho ikkje er på topplista over dei meste lesne bloggane er det ikkje snakk om å tena pengar på blogginga.

Kvar dag er det kring 5000 personar innom bloggen.

– Me er til saman fem stykke som skriv. Eg bruker éin til to timar kvar dag på bloggen, seier Esin.

– Er det andre i klassen som er Justin Bieber-fans?

– Ingen fans, men eit par likar han litt. På skulen er me 20-30 belieberar, seier Esin.

QUIZ: Kva veit du om Justin Bieber?

Vil visa kjærleiken til Justin Bieber
Esin Ciftci er ikkje redd for å setja i gang prosjekt. I høve konserten til Justin Bieber, har Esin starta eit roseprosjekt som har bestilt 75.000 roser frå Kenya til konsertane i Oslo. Rosene skal seljast til belieberane.

– Me vil at folk skal halda opp rosene under songen “Be alright”. På den måten vil me visa kjærleiken vår til Justin Bieber, seier ho.

Rosehyllesten har møtt skepsis av blant anna arrangøren av rosetoget etter terroren 22. juli, men Esin Ciftci meiner det ikkje er grunn til å samanlikna dei to.

– Eg kan ikkje sjå at folk kan samanlikna det som skjedde med Utøya og Justin Bieber. For alle betyr roser at eg elskar deg, eg beundrar deg eller eg lengtar etter deg, seier ho. Enkelte har òg stilt spørsmål om at rosehyllesten er motivert av pengar. Dette tilbakeviser Esin.

– Viss eg sit igjen med pengar etter rosesalet, så vil eg gi overskotet til veldedigheit, seier ho.