Kan nettlesaren kan hjelpa karrieren din?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nettlesaren avslører deg

Det viser ei undersøking av det amerikanske rekrutteringsselskapet Evolv, ifølgje The Economist.

Etter å ha analysert tre millionar data frå 30.000 tilsette, har Evolv funne at folk som ikkje brukte standard nettlesarar som Internet Explorer eller Safari (for mac), men i staden brukte Opera, Firefox eller Google Chrome, hadde større sannsyn for å gjera det betre i jobben. Dei ville i snitt òg vera i jobben 15 prosent lengre enn dei som brukte ein standard nettlesar.

Det kan sjølvsagt òg vera berre ein tilfeldigheit, men ifølgje Evolv sine analysar kan det visa seg at ein tilsett som tar seg bryet med å installera ein ny nettlesar, òg kan visa seg å vera meir rådsnar enn andre.

Tilsette som er medlem av to sosiale nettverk på nettet kan, ifølgje Evolv, tenkja seg å bli lengre i stillinga si enn dei som er medlem av fire til fem sosiale nettverk.

Og kanskje ikkje så overraskande: Størst sjanse for å bli i jobben lenge er det om du bur nær jobben og har ei kort og lett jobbreise.

Les meir om yrkesval her!