Facebook prøver ut betalingsteneste
Svenske Facebook-brukarar kan no betale ei avgift for å sikre seg at meldingar til mottakarar som ikkje står på vennelista deira, kjem fram.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Testar ut betaling
Den nye betalingstenesta blir no testa ut i fleire land og betyr at brukarane mot betaling kan sikre seg at meldingane går til den vanlege innboksen til mottakaren i staden for å liggje skjult i «anna»-mappe.
– Dette er ein test som vi starta i USA i desember, og som vi no innfører for ein liten del av dei svenske brukarane, seier Jan Fredriksson i den nordiske pressegruppa til Facebook.
Han strekar under at Facebook framleis er gratis, og at det berre er ei enkeltståande teneste som kostar pengar. (©NPK)