Deler bekymring for krafteksport

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Frå Sosialistisk Ungdom deltok leiar Andreas Christiansen Halse og fagleg leiar Tine Søderstrøm Knutsen. Frå Søral deltok administrerande direktør Per Øyvind Sævartveit, leiar i Husnes Kjemiske Fagforeining (HKF) Ørjan Normann og Johnny Håvik, ungdomstillitsvald i HKF. Tema for møtet var situasjonen til Søral med særleg fokus på kraft og krafteksport. SU-leiar Andreas Christiansen Halse var imponert etter besøket:

– Vi brukte delar av påskeferien vår på dette besøket på Søral, der vi hadde møte og fekk omvising. Vi er imponerte over kor godt dei driv på Husnes, og kor effektiv og klimavennleg aluminiumsproduksjonen der er. Inntrykket er at dette absolutt er ei næring som det må satsast på i framtida!

Han seier dei også registrerte at klubben og leiinga ved Søral delte Sosialistisk Ungdom si bekymring når det kjem til planlegginga av nettutbygging i inn- og utland, og konsekvensane det vil få for norske forbrukarar og norsk industri.

– Vi meiner vasskrafta burde brukast på norsk industri slik at ein her kan halda fram med å produsera aluminium i verdsklasse slik som dei gjer på Husnes. Vi fekk godt utbyte av besøket og kjem til å jobba politisk framover for at verk som Søral kan få leva vidare, og håpet er at ein får i gang full produksjon i framtida.

LES OGSÅ: Jubel for CO2-ordning

Vi spør Johnny Håvik kvifor det er så viktig å få ungdomspolitikarar på besøk til Søral.

– SV er eit regjeringsparti, og då er det spennande at dei viser interesse for oss. Håpet er at dei tek med seg informasjonen vidare og snakkar om Søral i sine forum. Vi må setja Søral på kartet og fokusera på kor bra vi er, og kor bra norsk industri er, seier Håvik. 

Les saka i Kvinnheringen!