Dei kårar årets beste ungdomsbok

Niandeklassingane på Rubbestadneset skule er valde ut til å kåra årets ungdomsbok i Noreg 2012/2013 saman med fem andre niandeklassar i landet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag hadde dei besøk av Guri Fjeldberg som hjelpte elevane på veg i arbeidet med å dømma utvalde bøker. Elevane hadde ein god del synspunkt på bøkene dei hittil hadde lese. Kritikarfadder Guri Fjeldberg kom med stikkord og litt orientering om kva elevane skal sjå etter i ei god ungdomsbok. 

Boka må kunne engasjera og historia må verka truverdig uansett om sjangeren er innan fantasi eller realisme. Elevane i Rubbestadneset har så langt lese «Åndejegerne» av Magne Hovden og «Fuck off I love you» av Lars Mæhle.

Sistnemnde bok fall best i smak hjå elevane. Guri Fjeldberg bad elevane dela seg i fire grupper. Ei hatar «Åndejegerne»-gruppe og ei elskar «Fuck off I love you»-gruppe og eit par grupper med dei som hadde blanda syn på begge desse bøkene. Mange elevar rekte opp hendene for å vera med i hat-gruppa og tre elevar ville vere i elsk-gruppa. To jenter og ein ut likte veldig godt boka «Fuck off I love you» (teksten held fram under biletet).

– God nynorskbok
– Boka «Fuck off I love you» er ikkje nokon stor roman! Men ein kunne tolka han på mange måtar. Mykje kunne lesast mellom linjene.

– Eg likar godt denne boka og det er ei god nynorskbok. Hovudpersonen Vemund er lett å kjenna seg att i. Det er ei vakker bok som det er lett for ungdommen å kjenna seg att i og gruble over, seier Ida Vikse, som var på gruppe med Jafar Afzali og Marthe Mellesdal.

Les fleire saker om Lars Mæhle her!

BOKMELDING: Det er inga skam å snu

I gruppa som hatar boka «Åndejegerne» forklarte elevane kvifor dei ikkje likar denne boka.

– Boka starta på toppen og så gjekk det berre nedover. Det starta med at hovudpersonane i boka vart bortførte og til slutt var dei i Paris og slåst mot ei ånd! Me syntest heller ikkje det var så kjekt å lesa om at dei gjekk på skule og åt pizza. Det er så kvardagsleg. Så brått skifta det til noko anna. Spenningskurva berre gjekk nedover, for det starta med at hovudpersonane var bortførte og så enda det med å vera i Paris for å slåst med ei ånd, forklarer Ivar Aagasøster. Han var på gruppe med Jonas Ellingsen Næsse, Martin Nordtveit og Marie Aakre Aarland. 

– Me samanliknar boka med Harry Potter i dette med overgang frå vanleg verd til åndeverd. Boka var ikkje godt nok skrive. Ho var så keisam, seier Agasøster.

– Eg sovna nesten då eg las ho, seier Marie Aakre Aarland.

Ei anna gruppe korkje hata eller elska desse to bøkene. Men dei understreka at dei ikkje hata boka «Åndejegerne» men heller ikkje elska boka «Fuck off I love you».

– Handlinga i sistnemnde bok kunne ha skjedd, men det er noko me følte ikkje verka så overbevisande. Det var for eksempel eit kjærastepar i boka, som slutta å vera saman. Dei slutta berre heilt å snakka med kvarandre. Guten berre gjekk heim frå jenta. Då han kom på skulen visste alle at det var slutt. Dette var rart sidan dei ikkje hadde sagt det til kvarandre først, seier Emma Amundsen og Connie Monsvik er einig, men presiserer at det kunne ha skjedd i verkelegheita, men det var måten handlinga vart presentert i boka. 

Samla til «storjury»
På slutten av timen var ein av elevane frå kvar gruppe samla til «storjury» for å seia kva gruppene hadde komme fram til om dei to bøkene. Boka «Åndejegerne» fekk mest slakt, men boka «Fuck off I love you» fekk mest ros, men òg litt kritikk frå nokre grupper.

– «Fuck off I love you» var lite underhaldande. Dårleg fantasi og me vart ikkje så godt kjende med hovudpersonane. Men det som var spennande verka heilt greitt. Boka «Åndejegerne» mangla innleving. Det var den største dritboka som er laga! Ho får terningkast minus seks! seier Bjørn Vorland som var siste mann ut i klassens «storjury» denne dagen.

I mai skal to av representantane frå til saman seks niandeklasser møtast til eit storjurymøte i Lillehammer. Fem ungdomsbøker er nominerte til å bli årets ungdomsbok i Noreg i år. Uprisen er prisen for den beste ungdomsboka i Noreg. Nominasjonen og juryarbeidet er det ungdom sjølv som står for. Foreningen les! står bak prisen i samarbeid med Norsk Litteraturfestival på Lillehammer. Det er «Sammen skal me halde himmelen» av Ellen Fjestad, «Åndejegerne» av Magne Hovden, «Nærmere haust» av Marianne Kaurin, «Fuck off I love you» av Lars Mæhle og «Din vakre jævel» av Arne Svingen.

Fleire hundre ungdommar har meldt årets bøker på uprisen.no. Og i juryklassane er det om lag 150 ungdommar. Uprisen er ungdommens eiga kåring over nominerte bøker for ungdom.

LES OGSÅ: Kan vinna U-prisen igjen

Boka «Åndejegerne» vart berre kjedelegare etter kvart som dei las syntest Marie Aakre Aarland (f.v), Ivar Agasøster, Jonas Ellingsen Næsse og Martin Nordtveit. 

Les saka i Bømlo-nytt!