Ein ulv i bagasjerommet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Mor mi var 15 då ho fekk meg»

Michael Wayne Atha er det eigentlege namnet til rapparen Yelawolf. Han er fødd 30. desember 1979, i den vesle byen Gadsden i Alabama, USA. Sjølv om Michael reknar Alabama som heimstaten sin, var oppveksten prega av mykje flytting. Han har budd i Tennesse, Georgia og Louisiana, og gått på over 15 forskjellige skular. Mora oppdrog sonen stort sett åleine; i tillegg sleit ho med rusproblem.

Det var i Tennesse Michael oppdaga rapp. Han gjekk på skule i forstadene til Nashville, og møtte ungar med same bakgrunn som han sjølv. Med rapp fall livet og han sjølv litt meir på plass. Som tenåring ville han helst bli skateboarder, men den draumen måtte han leggje på hylla på grunn av ein skade.

«Far min var cherokee-indianar»

Då realityprogrammet The Road to Stardom with Missy Elliott dukka opp i 2005, hadde Michael allereie rappa i mange år. Han kalla seg Catfish Billy, eller oftare: Yelawolf. Namnet viser til røtene hans som halvt cherokee-indianar. Yelawolf vart altså deltakar i programmet til Missy Elliott. Han vann ikkje, men fekk sparka i gang karrieren. Seinare same år gav han ut mixtapen Pissin' in a Barrel of Beez, og studioalbumet Creek Water.

To år seinare var Columbia Records på døra. Yelawolf skreiv kontrakt, sleppte singel og var i gang med albumarbeid då Rick Rubin vart tilsett som ny sjef i plateselskapet. Han syntest ikkje mykje om rapparen, og Yelawolf vart droppa. Men i staden for å miste motet jobba Yelawolf berre enda hardare. Han gav ut fleire mixtapar – ein av dei Stereo, der han rappa over klassiske rockelåtar frå blant anna Fleetwood Mac og Pink Floyd.

«Og eg var ein heit rappar»

Tidleg i 2010 kom det endelege gjennombrotet. Med mixtapen Trunk Muzik var Yelawolf med eitt på alle sine lepper – og bloggar. Han fekk skryt for evnene sine som rappar, og for den særleg vellukka utgåva si av sørstats-sounden. Same vår heldt han fleire energiske konsertar på South by Southwest-festivalen i Texas, noko som berre auka begeistringa rundt dette nye rapp-namnet. Suksessen førte til ny og flottare kontrakt, med Interscope Records.

Våren 2011 dukka Yelawolf opp på framsida av hiphop-bladet XXL saman med rapparane Eminem og Slaughterhouse. Dette stadfesta rykta om at Yelawolf hadde skrive ein ny kontrakt, med Eminem sitt plateselskapet Shady Records (eit under-selskap av Interscope). Dei to skulle samarbeide om Yela sitt nye album, Radioactive.

Første singel, Lil Jon-samarbeidet Hard White (Up in the Club), kom i august. Radioactive vart sleppt i november og fekk svært gode kritikkar. Det var likevel ein del fans som meinte at samarbeidet med Eminem var eit feilskjer – noko Yelawolf mistenkte ville skje. Han meinte sjølv han hadde gjort mange kompromiss i samarbeidet, og varsla at det same ikkje ville skje med oppfølgjaren.

Ja, for oppfølgjarar finst det fleire av: i 2013 er både mixtapen Trunk Muzik Returns og albumet Love Story varsla. I mellomtida har Yelawolf gitt ut både enkeltsongar og ep-ar, blant anna eit samarbeid med songaren Ed Sheeran.

LES SISTE MUSIKKNYTT HER!