Helse og verdispørsmål viktigast for veljarane

Helse og verdispørsmål er dei viktigaste sakene for norske veljarar når dei skal velje parti, viser ei undersøking.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er viktigast for veljarane

Sytten prosent av dei spurde i ei meiningsmåling som Ipsos MMI har gjort for Dagbladet, svarer at helse er det viktigaste saksområdet, mens 15 prosent svarer at verdispørsmål er det viktigaste.

Deretter kjem samferdsel, og skattar og avgifter med 10 prosent. Åtte prosent meiner at skulespørsmål er det viktigaste.

– Helsepolitikken kan bli svært viktig for regjeringa. Det betyr i praksis at Jonas Gahr Støre bør sørgje for at helsedirektøren held ein låg profil i media, seier Frank Aarebrot, professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen til Dagbladet.

LES OGSÅ: Ungdom: – Dette bør dei eldre bry seg om

Ser ein på veljargruppene til dei ulike partia, skil saksområda seg klart ut. Arbeidarparti-veljarane synest helse er det viktigaste (25 prosent), mens 21 prosent av Høgre-veljarane meiner skattar og avgifter er det viktigaste.

Ein like stor del av Frp-veljarane held med Høgre-veljarane i det, men her meiner så mange som 34 prosent at innvandringspolitikken er det viktigaste.

Ikkje mindre enn 37 prosent av SV-veljarane set miljø høgst, mens 16 prosent av Venstre-veljarane legg størst vekt på skule. I KrF meiner så mange som 65 prosent at verdispørsmål er det viktigaste, mens 42 prosent av Sp-veljarane svarer at dei synest distriktsspørsmål er det viktigaste.

Blant Raudt-veljarane set 33 prosent verdispørsmål høgst, mens 75 prosent av dei som kunne tenkje seg å stemme på Miljøpartiet Dei Grøne, set nettopp miljøet på topp. (©NPK)

Les fleire saker om politikk her!