Media vil ha Jens, folk vil ha Erna

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleirtalet av norske redaktørar og journalistar vil at Jens Stoltenberg (Ap) skal halde fram som statsminister, men folk flest vil ha Erna Solberg (H). Det viser ei måling som Respons Analyse har laga.

I målinga svarer 50 prosent av redaktørane i landet og 49 prosent av journalistane at dei vil at Stoltenberg framleis skal leie landet. Vel 29 prosent av redaktørane og 27 prosent av journalistane vil heller ha Høgre-leiar Erna Solberg som statsminister, skriv Dagsavisen.

Men blant lesarane og sjåarane er stemninga ei anna: Rundt 42 prosent vil ha Solberg som statsminister, mens 37 prosent helst ser at Stoltenberg held fram.

Bakgrunnstala viser likevel at Stoltenberg ikkje er like populær blant alle i media. Det er fleire kvinnelege enn mannlege journalistar som vil ha han, og han er mest populær blant journalistar under 30 år og over 60 år.

Det er òg slik at det er fleire journalistar i radio og tv som heller vil ha Stoltenberg enn Solberg. Også blant avis- og nettjournalistane er det slik, men litt færre i etermedia.

Målinga er ein del av medieundersøkinga for 2013, som Respons skal leggje fram under Nordiske Mediedager i Bergen 9. mai.

Kommunikasjonssjef Sigbjørn Aanes i Høgre er ikkje overraska over at journalistar og redaktørar er meir venstrevridde enn folket elles.

– Undersøkinga viser berre at folk ligg eit steg føre journalistane og redaktørane, seier han. (©NPK)

Kva meiner du? Påverkar det journalistikken at flest journalistar helst vil ha Jens Stoltenberg som statsminister?