Høgre rasar på ny måling

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høgre fell med 3,9 prosentpoeng til 26,5 prosent på ei partimåling som Sentio har laga for Dagens Næringsliv. Arbeidarpartiet går fram 3 prosentpoeng til 31,7 prosent.

Dermed har Arbeidarpartiet tatt over Høgres plass som det største. Framstegspartiet ligg nokolunde stabilt og går fram med 0,2 prosentpoeng til 19,3 prosent på DN-målinga.

Målinga viser òg eit stort utslag for Kristeleg Folkeparti, som går fram 2,1 prosentpoeng til 5,9 prosent. Venstre fell 1,1 prosentpoeng til 3,9 prosent.

For regjeringspartnarane til Ap går utviklinga begge vegane. Mens Sosialistisk Venstreparti fell 0,8 prosentpoeng til 4,2 prosent, går Senterpartiet fram 1,7 prosentpoeng til 5,8 prosent.

Miljøpartiet Dei Grøne får 0,7 prosent på målinga, ein nedgang på 1,4 prosentpoeng. Raudt går fram 0,8 prosentpoeng til 1,7 prosent.

Feilmarginen er på mellom 0,5 og 3,4 prosent.

Ifølgje målinga mistar Høgre og Frp fleirtalet dei har hatt til saman og vil dermed vere avhengige av støtte frå KrF. Moglege regjeringsalternativ kan sjå slik ut, basert på denne målinga: Høgre og Frp får 81 mandat til saman, Ap, Sp og SV får 73 mandat, Høgre, Frp, KrF og Venstre får 95 mandat, og Ap, KrF, Sp og V får 80 mandat.

Ei blokk må ha 85 mandat for å få fleirtal. (©NPK)