Brusdrikking kopla til over 180.000 dødsfall

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kopla til 180.000 dødsfall

Det er ein studie gjort av forskarar ved Harvard School of Public Health og University of Washington i USA som syner dette. Forskarane peiker på at inntaket av slike leskedrikker bidreg til vektauke hjå folk. Overvekt og fedme aukar i sin tur risikoen for diabetes, hjarte- og karsjukdom og nokre kreftformer.

Forskarane reknar med at eit overkonsum av sukkersøte drikkar bidreg til 133.000 dødsfall i året som følgje av diabetes, 44.000 dødsfall som følgje av hjarte- og karsjukdommar, og 6.000 dødsfall som følgje av kreft. Det skriv Forskning.no.

Grunnlaget for studien er data frå den omfattande Global Burden of Disease Study 2010, som vart publisert i The Lancet like før jul. Her vart det slege fast at høg kroppsmasseindeks (KMI) er den sjette mest øydeleggjande risikofaktoren for helsa til folk over tid.

Tala gjeld på verdsbasis. Men dei fleste dødsfalla (78 prosent) meiner forskarane kan tilskrivast folk i fattige land.

American Heart Association tilrår at vaksne ikkje får i seg meir enn 450 kaloriar i veka frå søt drikke, ifølgje ei pressemelding. Det svarer til om lag ein liter Coca-Cola. (©NPK)