Jonas imponerer med a cappella på nett

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Imponerer med a cappella på nett

Med si eiga røyst som einaste verkemiddel covrar Navarsete kjende pop-låtar, som han deler på YouTube.com.

– Det byrja med at eg blei med i koret Røyst, før eg starta å ta songtimar i fjor haust. Då merka eg stor progresjon, og tykte det var kjekt å syngja på denne måten. Ofte går eg rundt og nynnar, og lurer på korleis dette vil høyrest ut når eg set det saman, difor passa denne sjangeren meg godt.

LES OGSÅ: 36 millionar har sett det dei lagar

45 lydspor
Sogndølen la måndag ut sin eigen versjon av Coldplay sin Fix You. Ein video som blei vist over 2000 gonger det første døgnet (Sjå video nederst i saka).

– Eg sa til meg sjølv at no ville eg heva kvaliteten eitt hakk. Det tok lenger tid enn dei tidlegare videoane, men det har absolutt løna seg. Det syner at eg har lagt litt meir sjel i det, då det er krevjande å dela ein song opp i så mange delar.

– Kor lang tid tek det å laga ein slik video?

– Det kjem veldig an på kor stort arrangementet er. Eg jobbar intensivt når eg først byrjar. På den siste videoen brukte eg kanskje 50 timar frå eg starta å spela inn lyden, til videoen var ferdig. Etter 200–300 opptak byrja eg å sjå meg nøgd, og sat att med heile 45 lydspor, forklarar Navarsete.

LES OGSÅ: Milliardmannen

God respons
Dei positive tilbakemeldingane har ikkje late seg venta på.

– Eg får mykje tilbakemeldingar frå folk som tykkjer det er flott, og som vil ha meg til å laga korarrangement for dei. Venene mine er dessutan flinke til å dela linkane vidare på sosiale medium, noko eg set utruleg stor pris på.

Sjølvlært
Med sitt relativt utradisjonelle sjangervalg søkjer Navarsete råd på nettbaserte a capella-forum.

– Ein blir på ein måte litt åleine om å driva med a capella, og då er det greitt å søkja råd frå folk med erfaring. Eg let meg inspirera av artistar som Mike Tompkins og Peter Hollens, og har sett alle videoane deira. Sjølv får eg god hjelp frå Henrik Hovland til arrangeringa, han hjelp meg med å gjera produktet betre.

LES OGSÅ: Syng for nynorsken

Ein framtidsdraum
Musikk har alltid vore ein del av livet til Navarsete, som drøymer om å ein dag kunne leva av fritidssysla.

– Eg vaks opp med ein far som spela i band. Sjølv om musikken alltid har vore der, har deltakinga mi vore sporadisk. Eg spelte i band som 13-åring, men det var ikkje før i fjor sommar eg tok opp att interessa. Det har alltid vore ein del av meg som ønskjer å kunne leva av å vera artist, men eg veit at vegen dit er veldig lang.

– Tenar du noko på musikken i dag?

– Eg har ein sponsor/partner på YouTube, som er eit mellomledd mellom meg og Universal Studios, kalla Fullscreen Artist Mix. Dette gjev meg rettar til å covra låtane deira og rett på 70 prosent av inntektene frå annonsen deira YouTube-sida mi. Førebels er ikkje dette noko å bli rik av, men eg leitar etter stønadsordningar som kan gjera det mogleg å oppgradera utstyret litt.

Les saka i Sogn Avis!

Faktaboks

Dette er a cappella
– Vokal musikk eller song utan akkompagnement av instrument.
– Begrepet kjem frå middelalderen sitt forbod mot bruk av musikkinstrument i kyrkjene.
– Songarane etterlignar ofte akkopagnerande instrument som bassgitar, trommer og blåseinstrument.