– Ta kvinnelege kriminelle på alvor

– Vi må ta kvinnelege kriminelle sine utfordringar på alvor. Det er bodskapen under Kriminalpolitisk konferanse denne veka.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er eit nederlag for norsk kriminalpolitikk at Bergenstilbodet Aurora må leggast ned grunna dårleg økonomi, seier dosent i pedagogikk ved Høgskolen i Vestfold, Marie-Lisbet Amundsen.

Ho er ein av Noregs fremste ekspertar på kvinner i fengsel. Bodskapen hennar er klår:

– Kvinnelege kriminelle er ei svært marginalisert gruppe, som treng tidlegare og tettare oppfølging enn dei får i dag.

Ei marginalisert gruppe
Årets Kriminalpolitiske konferanse har kriminalpolitikk og kvinner under straffegjennomføring som tema. Konferansen er eit samarbeid mellom LO, FO og Norsk Fengsels- og Friomsorgstilbud. Blant føredragshaldarane er Amundsen, som presenterer kunnskap om kvinnelege kriminelle.

– Kvinnelege kriminelle er ein minoritet, som utgjer 5-6 prosent av dei innsatte i norske fengsel. Det aller meste av forsking er gjort på mannlege innsette, og vi treng meir kunnskap om denne gruppa, seier ho.

Gjennom sine undersøkingar har Amundsen vore i kontakt med to tredjedelar av kvinnelege innsatte i Noreg. Svært mange av kvinnene har hatt store vanskar i oppveksten. Traumar etter seksuell, fysisk eller psykisk mishandling, depresjon, angst, sjølvmordstankar og alvorleg rusmisbruk er blant problema som svært mange av kvinnene slit med.

Fire av ti har opplevd seksuelle overgrep som born, og fire av ti har prøvd å ta sitt eige liv før soning.

– Tala er svært høge. Vi veit kor alvorlege følgjer overgrep kan få, og særleg når det er i nære relasjonar, slik det er for mange av desse kvinnene. Mange slit med posttraumatiske syndrom som følgje, seier Amundsen.

Vidare finn Amundsen at kvinnene ikkje får eit godt nok oppfølging, korkje før, under eller etter soning. Berre to av ti har fått tilbod om behandling under soning, til tross for at halvparten ønskjer behandling viss dei hadde fått tilbod.

– Til dømes svarar halvparten av kvinnene at dei kan bli valdelege når dei vert sinte. Alle desse ønska å delta i program for sinnemeistring. Der finst nokre tilbod, men ikkje nok, seier Amundsen.

Følg konferansen her.

Tettare og tidlegare oppfølging
– I djupneeintervjua meinte mange av kvinnene at fagfolk visste om overgrep, eller burde ha forstått kva som skjedde, utan at nokon greip inn. Svært mange har opplevd å ikkje bli tatt på alvor og jenter vert i stor grad oversett av hjelpeapparatet som born, seier Amundsen.

Ho meiner difor at å styrke fagfolk bør vere eit av dei viktigaste tiltaka.

– Kunnskap om seksuelle, fysiske og psykiske overgrep må inn i utdanningane til lærarar, sjukepleiarar, legar og alle andre sosial- og helsefaglege utdanningar. I tillegg må kommunane ha team klare, som veit kva dei skal gjere ved mistanke om overgrep, seier Amundsen.

Ho peikar på at svært mange fell ut av vidaregåande skule.

– Dette gjeld ikkje berre kvinner. Dei som fell ut av vidaregåande blir ofte verande på utsida av samfunnet. Å skape fleire samfunnsnyttige jobbar som ikkje krever utdanning, burde difor også vere ein del av satsinga.

LES OGSÅ: Eks-narkomane ofte einsame

Må klare seg sjølv
Eit anna problem er ifølgje Amundsen at etteroppfølginga er for dårleg.

– Kvinner soner i snitt kortare dommar enn menn, og som regel for kort til å delta i noko varig behandlingsopplegg under soning. Dei treng rehabilitering utover soningsopphaldet, med tett oppfølging innan rusomsorg og psykiatri. Dei færraste får dette, seier Amundsen.

Mange av kvinnene vert overlatt til seg sjølve når soninga er unnagjord. For mange betyr det å returnere til ein kvardag utan varig bustad og utan eit sosial nettverk utanfor rusmiljø.

– I kva grad kvinnene får oppfølging er avhengig av kva kommune dei bur i. Mange får ikkje noko tilbod etter soning. Vi må i mykje større grad få til eit samarbeid mellom Kriminalomsorga og heimkommunane. Eg meiner òg vi hadde tent mykje på å ha eigne rehabiliteringsfengsel, seier Amundsen.

– Er soningsoppleget i Noreg tilpassa menn?

– Ja, i veldig stor grad. Mange kvinner som har opplevd seksuelle overgrep knyter sin identitet opp til seksualisert åtferd. Menn kan seie at dei innbyr til sex og dei vert misforstått. Kvinnene treng å vere i miljø utan sexpress, og det er særleg viktig i fasen der ein skal lære å finne tilbake til ei god sjølvkjensle. 

Faktaboks

  • Sju av ti har brukt illegale rusmidlar over tid.
  • Fire av ti har helsemessige problem som følgje av rusmisbruk.
  • Fire av ti har vore utsatt for seksuelle overgrep som born.
  • Seks av ti har vore utsatt for valdtekt som vaksne. Trass i at desse er gjennomført ved hjelp av vald, har ingen av desse meldt valdtektene. Kvinnene grunngjev dette med at dei ikkje reknar med å bli tekne på alvar, fordi dei har tilknyting til rusmiljø.
  • Over sju av ti har vore alvorleg deprimerte før soning.
  • Åtte av ti har slitt med angst.
  • Seks av ti har tenkt på å ta sitt eige liv, og fire av ti har prøvd å ta sitt eige liv.