Ny stortingsmelding om kvalitet og mangfald i fellesskulen kjem til å foreslå eit vekslingsløp mellom praksis og teori for yrkesfaga. 

NPK
NPK

 Målet er å få fleire og betre fagarbeidarar, melder Klassekampen torsdag. Yrkesfaga slit med stort fråfall, færre og færre som søkjer seg inn på linjene og for få lærlingplassar. I stortingsmeldinga, som blir presentert fredag, kjem eit nytt forslag. I staden for å gå to år på skulen og vere to år i lære, skal elevane gjennom eit tre års løp med vekslande praksis og skole. 

– Mange av dei skuletrøtte elevane begynner på yrkesfag og møter berre meir teori. Med vekslingsmodellen får dei raskare kjennskap til arbeidslivet og kan spesialisere seg tidlegare, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen til avisa. 

Les meir om fagopplæring her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

LES OGSÅ

ANNONSE