Åtte gonger så mange snik i Oslo
I 2012 vågde 0,5 prosent av kollektivbrukarane å reise utan billett i Hordaland. I Oslo snik rundt 4 prosent.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Åtte gonger så mange snik her
NRK.no viser til at hyppige kontrollar gjer at svært få satsar på å reise billettlaust med buss eller bybane i Hordaland. Då Bybanen var ny i 2010 vart ho ifølgje NRK.no kalla «snikebanen», og dobbelt så mange sneik på bana som på bussane. Tommy Sekkingstad, områdeleiar i Securitas i Bergen, er ein av dei som står for billettkontrollane.
– Vi har kontrollar kvar einaste dag frå Bybanen og bussane byrjar å gå, til dei sluttar å gå. Det er ingen tider det går an å snike, du kan bli teken døgnet rundt, seier han til NRK.no. (©NPK)