Vann fram på Ungdommens storting

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

55 ungdommar frå heile Noreg deltok denne veka på det andre Ungdommens storting gjennom historia.

Marius Vågenes Villanger frå Changemaker i Nordhordland og Knarvik Ungdomsskule føreslo at Oljefondets Etikkråd skal få myndigheit til å trekkja investeringar i selskap som bryt dei etiske retningslinjene og få meir ressursar til det etiske arbeidet i fondet. Det er berre åtte tilsette i Etikkrådet som skal overvaka 8000 selskap. Med dagens tempo vil det 60 år berre begynne å undersøke alle selskapa Oljefondet investerer i.

Politisk rådgjevar i Miljøverndepartementet, Olav Magnus Linge, svara på spørsmålet.

– Sidan dette er opp til Finansdepartementet kunne han ikkje gjera noko med saka, seier Marius Vågenes Villanger. Han er likevel nøgd:

– Eg har fått fram det viktige om at me har over 7000 underskrifter som stiller seg bak kravet om betre etisk forvalting av Oljefondet, legg han til.

LES OGSÅ: – Oljefondet knuser hjarta våre

– Lærerikt
Måndagen byrja med velkomst av stortingspresident Dag Terje Andersen og miniseminar i debatt- og taleteknikk og om arbeidet i komiteane på Stortinget. Etter dette byrja komiteane arbeidet sitt med dei 55 forslaga som Ungdommens storting skulle ta stilling til.

Marius Vågenes Villanger deltok i komiteen for Miljø og samferdsel.

– Det blei ein del debatt, men det gjekk bra til slutt. Forslaget vann fram som eitt av fire som skulle bli tatt opp med representanten for regjeringa.

Tysdagen var det spørjetime der mellom anna samferdsels- og kunnskapsministeren møtte.

– Det har vore veldig lærerikt, seier Marius Vågenes Villanger om dagane på Ungdommens storting.

Han er glad for at eit stort fleirtal i Ungdommens storting stilte seg bak forslaget hans.

Gruppeleiaren i Changemaker Nordhordland legg til at dei ønskjer seg fleire medlemmar i ungdomsorganisasjonen. I dag er dei mellom fem og åtte aktive medlemmer.

– Me har stor plass til fleire, smiler han.

LES OGSÅ: Kven skal snakka unge si sak?

Vil lovfesta ungdomsråd
Maria Vatnøy frå Knarvik vidaregåande er blant dei få som har deltatt på to Ungdommens storting. Ho representerer samstundes Ungdommens fylkesting i Hordaland. På vegne av Ungdommens fylkesting tok ho opp lovfesting av ungdomsråd.

Mange kommunar har ikkje ungdomsråd, og Vatnøy fekk med seg Ungdommens storting på å vedta lovfesting av medverknadsorgan i kommunane, fylkeskommunane og på nasjonalt nivå.

– Det er veldig viktig at ungdom blir høyrt, også uavhengig av partipolitikken. Særleg sidan ungdom ikkje har stemmerett er dette viktig, forklarar Maria Vatnøy.

Ungdommens storting vedtok med knappast mogleg fleirtal å gå inn for stemmerett for 16-åringar.

Maria Vatnøy blei sjølv vald som leiar av ei arbeidsgruppe som skal koma med innspel til korleis Ungdommens storting kan organiserast betre i framtida. Ho vil òg hjelpa med tips og råd til kommunar og fylke som har lyst til å skipa ungdomsråd og ungdommens fylkesting.

Sjå opptak frå Ungdommens storting her!

Astrid og Ragnhild Underlid på Ungdommens storting.

Opphald for asylborn
Fleire av sakene som blei tatt opp Ungdommens storting omhandla situasjonen til asylborn.

– Eg er veldig engasjert i asylbarn sine rettar, og har fulgt med i debatten om dei over 450 barna som har budd i Noreg enten heile liva sine, eller i svært mange år, seier Astrid Underlid, elev på Firda vidaregåande.

Ho føreslo å innføra ei forskrift som seier at alle asylbarn som har budd i Noreg i meir enn tre år får opphaldstillating. Fleirtalet i Ungdommens storting blei med henne på dette.

Søstera hennar Ragnhild Underlid deltok òg på Ungdommens storting. Ho fekk med seg eit stort fleirtal på at eit krav om kommunepsykolog i alle kommunnar i Norge, og at stillingane må vera stor nok til å dekka behovet i kommunen.

– Det skal vera like lett å få ein time hos psykologen som å få ein time hos legen, seier Ragnhild Underlid.

Les fleire saker frå Ungdommens storting!