Are Kalvø rett inn på topplista
Ny grunnlov er den sjette mest kjøpte av generell litteratur denne veka.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
"Ny grunnlov" av Are Kalvø vart lansert 28. februar og kom denne veka rett inn på bestseljarlista for generell litteratur.
Ein glad forfattar seier dette om plasseringa:
– Herleg. Det viktigaste for meg er å slå Mindfulness for nybegynnere.
Kalvø er i full gang med å lage ny grunnlov saman med ein haug med andre nordmenn i programmet Riksforsamlinga. Neste måndag kan du sjå Are Kalvø gå i gang med paragraf 3 i den nye grunnlova.
Kunsten å vere neger er ein av dei mest selde nynorske bøkene dei siste 25 åra, og Are Kalvø står òg bak andre bestseljarar som Bibelen 2 og Harry.