Satsar milliardar på våtare vêr

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Satsar milliardar på våtare vêr

Hydro har dei siste åra redusert aluminiumsproduksjonen i Noreg, og for tre år sidan opna dei eit nytt stort anlegg i Qatar. Men no gjer klimaendringane og norske støtteordningar at Hydro trur det er meir å tene i regnfulle Noreg enn i knusktørre Qatar, skriv Dagens Næringsliv.

– Dei siste åra har rammevilkåra endra seg. Med grøne sertifikat, meir nedbør som følgje av klimaendringar og energieffektiviseringstiltak går det mot kraftoverskot i Noreg. Det gjer at venta kraftprisar har gått kraftig ned samanlikna med det vi trudde for fire-fem år sidan, og at vi no ser moglegheita til å satse på alle aluminiumsverka i Noreg, seier konsernsjef Svein Richard Brandtzæg til avisa.

Ordninga med CO2-kompensasjon som skal innførast frå 1. juni, og støtteordningar for klimateknologi har medverka til at Hydro no igjen vil satse i Noreg.

Forskingsanlegg
Selskapet arbeider no med ein søknad til Enova om støtte til bygging av eit forskingsanlegg på den nedlagt aluminiumstomta si Karmøy. Her skal dei etter planen produsere 70.000 tonn aluminium, og utvikle teknologi som reduserer energiforbruket i produksjonen.

Ifølgje Dagens Næringsliv vil anlegget koste rundt tre milliardar kroner, og Enova kan gje støtte til opptil halvparten av meirutgiftene.

QUIZ: Ta den store klimaquizen vår!

Låge aluminiumsprisar og overproduksjon har ført til dårlege resultat og nedskjeringar for Hydra dei siste åra. Men konsernsjefen meiner dårlege tider er tida for å tenkje nytt.

– Dette er først og fremst eit forskingsprosjekt som er ein viktig del den langsiktige satsinga til Hydro. For å sikre konkurransedyktige smelteverk som gir gode marginar og lønsemd må vi jobbe kontinuerleg med å redusere energiforbruket ved aluminiumsproduksjon. Hydro har tradisjon for å satse i dårlege tider, seier konsernsjefen. (©NPK)