Ein kniv gjennom norma

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Maske og kostyme
Då The Knife dukka opp tidleg på 2000-talet, var det få som visste kven dei var. Bandet heldt aldri konsertar, gjorde ikkje intervju, og på alle bileta som fanst av dei, hadde dei på seg masker. Dette har endra seg smått om senn, men framleis er dei meir reserverte enn dei aller fleste popartistar i Internett-alderen.

Gruppa vart starta i Stockholm i 1999, av dei to syskena Karin og Olof Dreijer. Karin var på den tida vokalist i bandet Honey is Cool, eit kritikarrost indieband som aldri fekk det store gjennombrotet. Det vart oppløyst i 2000, same år som The Knife gav ut sin første singel, Afraid of You. Lydbiletet deira var synth-dominert, elektronisk og nokså enkelt – noko dei følgde opp på debutalbumet The Knife (2001), gitt ut på deira eige plateselskap, Rabid Records.

Andrealbumet Deep Cuts (2003) fekk større merksemd, og førte til at The Knife vann prisen for beste popgruppe på den svenske Grammis-utdelinga det året. Som ein protest mot mannsdominansen i musikkindustrien sende The Knife to kunstnarar utkledde som gorillaer til prisutdelinga.

Ut på scena
Bandet laga også soundtrack til filmen Hannah med H i 2003. To år seinare kom det store internasjonale gjennombrotet – gjennom at José González sin coverversjon av songen deira Heartbeats vart brukt i ein reklame for tv-en Sony Bravia. The Knife unnskyldte denne kommersielle bruken av songen – som stod i kontrast til haldningane dei tidlegare hadde fronta – med at dei trong pengar til plateselskapet sitt. Same år heldt dei sin første konsert nokosinne – på Institute of Contemporary Arts i London, til ein video av kunstnaren Andreas Nilsson.

På denne tida var The Knife allereie godt i gang med arbeidet på tredjealbumet. Dei gjorde blant anna opptak i ein gamal fabrikk og eit kyrkjekvelv i Stockholm. Silent Shout kom ut i 2006, og i etterkant la bandet for første gong ut på turné. Andreas Nilsson stod for den visuelle utforminga av konsertane, i tillegg til å lage musikkvideoar.

Tilbakekomst
I januar 2007 vann The Knife alle seks prisane dei var nominert til under Grammis-utdelinga! Heller ikkje denne gongen møtte bandet opp. Sidan den gong har dei hatt pause som popgruppe – medan musikken deira har spreidd seg utover verda, og vakse i popularitet. I 2009 gav Karin ut eit soloalbum og turnerte under namnet Fever Ray; året etter laga syskena ein opera for den danske performance-gruppa Hotel Pro Forma, basert på Charles Darwins Artenes opprinnelse.

Når The Knife no vender attende, er det i ny drakt – men dei er framleis like mystiske! I desember 2012 publiserte dei ein beskjed på nettsidene sine: «Musikk kan vere så meiningslaust. Vi måtte finne lysta. Vi bad vennane og kjærastane våre om å hjelpe oss.» I januar vart heile Europa-turnéen deira seld ut på nokre timar, utan at ein einaste song frå det nye albumet var sleppt. Så dukka den ni minutt lange singelen Full of Fire opp på Internett, nokre timar om gongen. Dei byggjer seg sakte opp til platesleppet; Shaking the Habitual kjem i april.

Først publisert i Norsk barneblad!

Les fleire musikktips her!

Faktaboks

Les meir om The Knife på Wikipedia!