DNA-prøver som blei offentleggjorde i Belgia denne veka viser at Adolf Hitler hadde afrikanske og jødiske forfedrar.

NPK
NPK
Faktaboks

Adolf Hitler (fødd 20. april 1889 i Braunau am Inn, død 30. april 1945 i Berlin) var ein tysk diktator. Han var fødd i Braunau am Inn i Austerrike-Ungarn, og han døydde 56 år gamal i Tyskland etter å ha teke livet av seg saman med kona Eva Braun.
– statsoverhovud i Tyskland frå 1934 til 1945.
– hovudmannen bak Holocaust og den andre verdskrigen.
– partileiar for partiet NSDAP frå 1921. Det fulle namnet på partiet var Nasjonalsosialistisk tysk arbeidarparti. Rørsla til Hitler vart av dette kalla nasjonalsosialistar. Av dette igjen kjem ordet nazisme.

Les meir i Wikipedia!

LES FAKTALUKK FAKTA

Den tyske føraren slekta meir på dei rasane han prøvde å utrydda enn dei ariske vennene sine, viser dei nye funna. I det flamsk-språklege magasinet Knack, har journalisten Jean-Paul Mulders spora Hitlers forfedrar både i Austerrike og i USA, skriv Dagen.

– Resultatet er oppsiktsvekkjande. Hitler ville ikkje blitt særleg glad, seier genetikk-ekspert Ronny Decorte i bladet Knack.

QUIZ: Prøv deg på den store krigsquizen!

Ekspertar på genetikk leiter etter grupper med kromosom som blir kalla haplo-grupper, som er genetiske fingermerke til heile folkegrupper. Ifølgje Mulders er Hitlers dominerande haplo-gruppe «E1b1b». Gruppa er heller sjeldan i Vest-Europa, men finst oftast blant grekarar og folk på Sicilia, som igjen har genane sine frå Afrika.

Mellom 50 og 80 prosent av nordafrikanarar har Hitlers dominerande haplo-gruppe, ifølgje avisa.

Hitlers andre mest dominerande haplo-gruppe er den mest vanlege blant ashkenazi-jødar, eller jødar i Sentral- og Aust-Europa. (©NPK)

LES OGSÅ: Då Rogaland blei "Judenrein"

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

LES OGSÅ

ANNONSE