Musikkbransjen på veg opp

Etter 14 år i skuggedalen har musikkbransjen endeleg byrja å tene pengar igjen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For første gong sidan 1999 kunne bransjen på verdsbasis notere seg vekst i omsetninga i 2012, skriv Financial Times.

– Den globale musikkbransjen har byrja å røre seg i retning av noko som liknar ei atterreising. Det er ein hardt tilkjempa suksess for ein bransje som har vore innovativ, kjempa og omforma seg sjølv gjennom eit tiår, seier direktør Frances Moore i bransjeorganisasjonen International Federation of the Phonographic Industri (Ifpi), som torsdag legg fram dei nye bransjetala.

LES OGSÅ: Fleire lyttar til strøyma musikk

På verdsbasis steig i fjor omsetninga med 0,3 prosent til rundt 94 milliardar kroner, mykje takka vere satsinga på nye abonnements- og nedlastingstenester. Inntekter frå tenester som Spotify og YouTube utgjorde ein tredel av dei samla inntektene i fjor, mens det tradisjonelle fysiske platesalet utgjorde 57 prosent. (©NPK)