Idol-Ola endeleg i elden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er det fordi han kjenner Tone?

Då er det klart for den fjerde av i alt fem semifinalar av det populære TV-programmet. På det meste har så mange som 850.000 sjåarar benka seg for å følgja dei håpefulle artistane sin kamp for vidare Idol-eksistens. Ein som til no berre har glimta med sitt fråvær er sogndøl og Idol-deltakar Ola Weel Skram.

– Det faktum at eg ikkje har blitt vist i det heile tatt har vore tøft å forklara til folk. Spesielt når eg eigentleg har vore litt lei meg, seier han.

Paranoid

Førebels har me berre sett sogndølen i korte glimt – helst i bakgrunn. Det har vorte ein snakkis i bygda og konspirasjonsteoriane er mange.

– Eg har undra litt på det sjølv òg, seier Ola Weel Skram, utan at han har funne nokon god forklaring.

Er det fordi han kjenner Tone? Eller fordi han har sagt klart ifrå at han ikkje ønskjer å spela på at han er veslebroren til Eva?

– Det er nesten så eg blir litt paranoid og tenkjer det er fordi dei ikkje likar meg som person. Men eg skjøner at det ikkje er rasjonelt å tenkja slik. Eg håper grunnen er at dei har spart meg. At eg kan koma litt utav av ingenting, seier han.

Treng lokal støtte

Han veit han er avhengig av å vekkja lokalpatriotismen om han skal nå verkeleg langt.

Historia har synt at sogningane veit å mobilisera når ein av deira eigne skal i elden.

– Eg veit det var mange som brukte opp kontantkortet når Eva og Tone var med, seier Ola Weel Skram.

Han har fått små indikasjonar på at noko av det same er i ferd med å skje igjen.

Trass lite tid på skjermen, har han fått enormt med tilbakemeldingar. Plutseleg er han den alle snakkar om. Veneførespurnadene på Facebook har skote i véret og dei første fansa har allereie stoppa han på butikken for å ta bilete med han.

– Det er ei fantastisk kjensle å vita at folk står bak deg og heiar på deg, seier han.

Han har forsona seg at Idol-suksess kan snu livet på hovudet. Samstundes veit han at det kan vera over like fort som det har byrja.

I mellomtida er ventetida ei påkjenning. Sekund blir som minutt.

– Fy f … kor eg gler meg til onsdag. Eg får sommarfuglar i magen berre av å sitja her å snakka om det, seier han.

Les saka i Sogn Avis!