Men mistenkelig er det jo

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Er nokon dopa? Kven? Korleis? Kor mykje? Kvifor?

Og ikkje minst: Kven var dopa før? På VMs første dag blei det hinta om at det er avsløringar på gang om mulig doping under den store norske gullalderen på nittitalet. Dette må vi gjennom. Problemet med å slå fast om folk var dopa på nittitalet, er sjølvsagt at dette begynner å bli nokre år sidan. Ein hadde ikkje like gode muligheiter den gongen til å avsløre juksarane. Så ein må basere seg på det vesle som finst av informasjon og dokumentasjon.

Og ærlig talt: Om vi ser på det vi veit, så kan det ikkje vere særlig tvil om at det er mykje ved dei største skiløparane på nittitalet som i alle fall må kunne kallast mistenkelig.

Det mest opplagte eksemplet er naturligvis at fleire av løparane på nittitalet gjekk mistenkelig fort på ski. Dette veit vi. Dette er grundig dokumentert. Ein tok tida også den gongen, og tidene blei skrivne ned og er i dag å finne både i bøker og på Internett. Det ein ser når ein studerer desse tidene, er for eksempel at mange løparar ved fleire høve har gått tre mil på berre litt over ein time. Dei fleste som har prøvd, veit at det faktisk ikkje går an. Tre mil er veldig langt. Det er like langt som frå Oslo sentrum til Ås. Viss du er litt uheldig med trafikken, så kan ein tur frå Oslo sentrum til Ås ta ein time med bil. Og viss du prøver å gå på ski frå Oslo til Ås, så vil du sannsynligvis ikkje komme fram før det blir mørkt. Alle som har prøvd å gå på ski i nærleiken av ein bilveg, har lagt merke til at det går mykje fortare med bil enn ski.

Dette beviser naturligvis ingenting. Men det er verd å merke seg. Og dette er jo ikkje det einaste mistenkelige ved oppførselen til eliteløparane frå gullalderen. 

Om ein studerer dagsplanane frå den tida og høyrer det utøvarane sjølv fortel i intervju om kvardagen under mesterskap, så kan ein ikkje unngå å legge merke til at det stort sett går i trening, konkurransar, mat og kvile. Tidlig opp. Og ofte oppsiktsvekkande tidlig i seng. Dette er unge kvinner og menn. Dei fleste av dei er i tjueåra. Nokre av dei endå yngre. Dei er på tur, som regel i utlandet. Det er fullstendig unormalt for unge menneske på tur å legge seg klokka elleve. Alle som sjølv har vore i tjueåra og på tur i utlandet, vil vite at det vanlige i slike situasjonar er å ikkje legge seg før ein absolutt må, og helst ikkje då heller, om det er til å unngå.

Kvifor la dei seg så tidlig? Kvifor var dei så trøytte? Det må vere lov å stille slike spørsmål. Sjølv om dette naturligvis heller ikkje beviser noko. Men mistenkelig er det utvilsamt.

Mistenkelig er også trongen til å gå med veldig tynne klede ute i minusgrader. Er det noko gale med kroppstemperaturen? Er det noko som ikkje stemmer?

Det siste mistenkelige er at dei fleste vil vere samde om at det alltid finst nokon som vil ta snarvegar dersom dei kan sleppe unna med det. Så at nokon av og til prøvde seg med doping, er sannsynlig. Nokon. Kanskje berre ein. Men det var mange som gjekk fort på ski. Veldig mange.

Eg har lenge vore usikker på om eg skulle seie dette, men eg har komme til at eg ikkje har noko val: Også i dag er det mange som går veldig fort på ski og legg seg tidlig og går tynnkledde ute i minusgrader. Eg berre nemner det. 

 

Først publisert i Aftenposten 23. februar.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!