Kinalys mot oljeboring

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Aksjonen var eit samarbeid mellom det lokale Venstre-laget og "Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja".

”Ballongane” vart sleppte frå kaikanten og steig roleg mot himmelen i det fine kveldslyset. Etter ei stund kunne dei som følgde ballongane konstatere at nokre av dei danna ein Karlsvogn-liknande figur på himmelen.

Før det hadde fylkesleiar for Natur og Ungdom, Torgeir Vestre, halde ein appell der han bad for den sårbare naturen, som no er truga av oljeaktivitetar. – Skulle det bli noko av oljeboring i dei nemnde områda, stadfestar Norge at dei ikkje har planar om å gjere noko med klimakrisa, hevda Vestre.

– Klimaendringane kjem, men ein temperaturauke på 2 grader treng ikkje bety så mykje, men går vi over det, blir konsekvensane fort store – og land kan synke ned under havflata, sa han vidare.

QUIZ: Prøv den store klimaquizen vår!

– Vi i Norge har store føresetnader for å kunne gjere noko, sa Vestre og viste til Norges Fiskarlag sin uttale om at Lofoten, Vesterålen, Senja og Mørebanken er dei fire plassane her i landet der ein absolutt ikkje bør drive med oljeboring.

Med kranane på Ulstein Verft som bakgrunnskulisse (og med fiskerikommunen Herøy like bak), bad Vestre om at Stortingsvalet 2013 ikkje måtte bli det valet då ein let fiskeriet i stikken og gav opp miljøsaka.

KOMMENTAR: Kva for ein planet lever du på?

Torgeir Vestre frå Natur og Ungdom heldt appellen.

Les saka i Vikebladet!