Den kronglete vegen til forfattarskapen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå misbruk og flukt til forfattar

 

– Som ung gut gjekk eg rundt i heimane i Åmotsdal og forkynte den glade bodskapen om at de skal alle døy, humra Kim Leine innleiingsvis, då forfattaren for aller fyrste gong stod framfor publikum i bygda der han levde sine fyrste femten år. Eit publikum som frå fyrste stund blei rive med i forteljinga om den kronglete livsvegen.

Barndom 
Kring seksti interesserte hadde samla seg i gamlesalen på Granvin for å høyre eit føredrag med ein av bygdas store søner. Ville han koma til å snakke seljording, tru? Svar på det spørsmålet gav han sjølv: – Eg knotar litt uansett kvar eg er. Men her slår eg nok litt meir over til seljordsmål enn elles, sa han, før han byrja på den spennande forteljinga om livet sitt.

Far hans grunnla Jehovas Vitne-trussamfunnet i Seljord, og den unge sonen blei oppdregen til å bli ein dyktig pionér.

– Men eg var overtydd om at Jehova ikkje lika meg, sa Leine, som i ung alder skulle koma til å bryte ut.

Faren blei utstøytt av sekta og flytta til Danmark då sonen var mellom fire og fem år gamal. I mange år var det lite kontakt, men då Kim kom i 13–14-årsalderen byrja dei to å brevveksle. Breva som gjekk mellom København og Seljord var lange.

– Eg stilte far opp på den pidestallen der Jehova før hadde stått, forklara han om relasjonen.

Rømde 
Ei natt rømde Kim. Med tre hundre kroner i lomma stilte 15-åringen seg opp på Brøløs og haika. Han fekk skyss med ein trailer til Oslo og tok båt derfrå til København. Då var reisebudsjettet oppbruka – biletten kosta 295 kroner. Rett fornøyeleg var det å høyre på den no så erfarne ordkunstnaren fortelje om den seks timar lange ferda rundt i den danske hovudstaden med ein lapp med ei gateadresse i handa. Til slutt klaffa det; namnet på skiltet gav samsvar. 

Overgangen til livet i millionbyen var brutal. 

– Eg kom frå ein tilstand av dobbel isolasjon; ei lita bygd og frå ei sekt. Det viste seg også at far budde saman med ein annan mann. Så eg måtte lynjustere meg til å bli ein annan.

Eg aksepterte også at far byrja å misbruke meg. Han var ikkje valdeleg, men overgrepa har forfylgt meg heile livet. Incest øydelegg den personlege integriteten. Denne grenseløysa kan føre ein mange stader, reflekterte forfattaren.

Frigjering 
Misbruket stoppa etter eit års tid. Kim utdanna seg til sjukepleiar og etablerte seg som familiefar med kone og to ungar. Men han hadde ein draum – draumen om å reise ut og koma tilbake som storyteller. På jakt etter ein ny identitet hamna han på Grønland.

– Men nissen tok flyet i førevegen, kommenterte han om forsøket på å frigjera seg frå sin eigen identitet. 

Opphaldet på Grønland, og møtet med kulturen der, omtala han som ei naudsynt reinsing for seg sjølv. Han arbeidde som sjukepleiar i ei bygd på Aust-Grønland, der han mellom anna tok i mot kring 25 barn – utan hjelp. I 1997 flytta familien tilbake til Danmark, og han fekk arbeid i heimesjukepleia. Det var ein frustrerande jobb.

– Eg oppdaga at eldre folk nesten ikkje har nettverk. Og der kom eg innom og stappa i dei ein rosa tablett. Det var dagens høgdepunkt for dei, slo Leine fast for tilhøyrarane på Granvin.

Stoffmisbruk 
Frustrasjonen førte han til Grønland att. Ei ny flukt, altså. Denne gongen åleine. 

– Etter kvart følte eg at ungane glei lenger og lenger frå meg, og eg fekk ein depressiv reaksjon. Inntil då hadde eg ikkje teke noko medisin, fortalde han. 

Tablettbruken eskalerte fort. Kort fortalt blei misbruket avslørt, han blei stoffri i Danmark, men reiste tilbake til Grønland att. Der fekk han same nedturen og mista autorisasjonen som sjukepleiar. Deretter bar det tilbake til Danmark og til Seljord – for å slikke såra sine, som han sjølv sa. Det må ein kunne seie han gjorde på ein genial måte. Han skreiv nemleg den sjølvbiografiske romanen «Kalak», som kom ut i 2007. 

Bokdebutanten fekk strålande omtalar og vart premiert med eit treårig statsstipend som gjorde det mogeleg for han å utvikle forfattarskapen. Andre boka hans, «Valdemarsdag», handlar om farfaren som blei dømt for sjalusidrap.

– Desse mannlege destruktive energiane, kva skal me gjera med dei? Dét interesserer meg, poengterte forfattaren.

QUIZ: Kven skreiv boka?

Prisløna 
Neste utgjevinga hans var «Tulu», der han skriv om møtet med kulturen på Grønland. Denne blei fylgd av den episke romanen «Profeten i Evighetsfjorden», som fortel om den dansk-norske koloniseringa av Grønland. For romanen har han hittil motteke tre danske prisar; fyrst Jytte Borgberg-prisen, så fekk han både bokhandlarprisen De Gyldne Laurbær og lesarprisen Weekendavisens litteraturpris. No er han også nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Blant dei mange omtalene av boka nemner me det Dagbladet sin meldar skreiv: «Dersom det finst ein pris for å skildre død og forderving, bør han gå til Leine». For det var ikkje nett nokon innbjodande passus forfattaren valde å lesa for lyarane sine i Seljord. Me tek med eit utdrag om koloniens dansk-norske prest, Morten Falck:

«Det lange rommet ligger i halvmørke, stanken fra fulle urinbaljer, menneskelige dunster, fresende spekklamper og kjøtt som koker i bulkede kaseroller over ilden er kvelende. Han kjenner disse husene og luktene deres, han har vent seg til lukten og nakenheten, lyden av skvalpende bryster og hender som klasker lus. Men varmen er vanskelig å takle når en er kledd i en prestekjole av ull.»

Til dei frammøtte røpa forfattaren at romanen «Profentene i Evighetsfjorden» er den fyrste boka i det han omtalar som ein misjons-trilogi. Altså har lesarskaren noko å gle seg til.

Les siste boknytt her!

Identitet 
Som bakteppe for forfattarskapen refererer Kim Leine til ei utsegn av den franske filosofen Jean-Jacques Rousseau: «Mennesket er fødd fritt, og det er overalt i lenker.» 

– Me er nøydde til å sameine det motstridande, meinte han. 

Under spørsmålsrunden etterpå kom det fram at Grønland står for han som eksponent for krise og gjenføding. I det heile verkar identitet å vera eit viktig emne for forfattaren.

Lokalavisa spør korleis han opplevde å møte det ein kan kalle heimepublikumet.

– Eg var litt engsteleg for å gjera det, å bli definert som noko nytt. Denne forvandlinga ein ventar har skjedd, men som kanskje ikkje har skjedd likevel, svarar han ettertenksamt.

Les saka i Vest-Telemark Blad!

Faktaboks

Kim Leine (fødd Rasmussen) 
* Fødd i 1961, oppvaksen i Seljord. 
* Reiste til Danmark som 15-åring. 
* Utdanna seg til sjukepleiar og arbeidde på Grønland i 15 år. 
* Debuterte med erindringsromanen «Kalak» i 2007. 
* Den andre romanen hans, «Valdemarsdag», som handlar om farfaren som gjorde seg skuldig i sjalusimord, kom i 2008.
* I 2009 kom «Tunu», der Leine skildrar det grønlanske samfunnet og bygdekulturen. 
* I fjor kom den historiske romanen «Profetene fra Evighetsfjorden» ut, der handlinga er lagt til Grønland på 1700-talet.