Amerikanske fysikarar har rekna seg fram til dommedag ved hjelp av Higgs-bosonet – også kjent som «Guds-partikkelen».

NPK-NTB-Reuters
NPK-NTB-Reuters
Faktaboks

– Innan vitskapen er det no flest tilhengarar av ein teori om at universet oppstod gjennom Big Bang for om lag 13,7 milliardar år sidan, med ein feilmargin på 1 prosent (± 200 millionar år).
– Ekspansjonen frå Big Bang pågår framleis, og moderne forsking synest å tyde på at den til og med akselererer. Fleire teoriar har vortne lagde fram kring kva som driv ekspansjonen. No for tida er den mest populære teorien at det er mørk energi. Resultatet blir eit univers som blir større og større og der dei ulike delane av universet går stadig lengre frå kvarandre.

Les meir om universet vårt på Wikipedia!

LES FAKTALUKK FAKTA

Fysikarar ved CERN-laboratoriet kunne i fjor begeistra fortelja at det legendariske Higgs-bosonet truleg var funne.

No ser det ut til at oppdaginga har gjeve eit uventa resultat: Kollegaer i USA har ved hjelp av massen til bosonet rekna seg fram til slutten for universet.

Den gode nyheita er at verda ikkje vil slutta å eksistera før om mange milliardar år. Men dersom forskarane har rett, ligg apokalypsen nærmast innebygd som ein ustabilitet i strukturen til universet.

LES OGSÅ: Vil leita etter enorme mengder gull i verdsrommet

Alternativt univers
– Det kan henda at universet vi lever i, er grunnleggjande ustabilt og at alt saman vil forsvinna milliardar av år fram i tid, seier Joseph Lykken, som arbeider ved partikkelakseleratoren Fermilab i USA.

Han ser for seg at eit «alternativt univers» vil dukka opp som ei lita boble ein eller annan stad. Bobleuniverset vil utvida seg like fort som farten til lyset og øydeleggja alt rundt seg – føresett at Lykken har rekna rett.

Kalkulasjonen er basert på massen til partikkelen som blei oppdaga ved det europeiske CERN-laboratoriet i fjor. Men forskarane er framleis ikkje heilt sikre på at det faktisk var Higgs-bosonet dei fann.

Bosonar er ein kategori partiklar som mellom anna omfattar fotonar – «lyspartiklar» – i tillegg til Higgs og mange andre grunnleggjande delar av universet.

LES OGSÅ: Milliardar av planetar like store som Jorda

Mørk materie
Også eitt av dei andre premissane i reknestykket til Lykken er usikkert, ifølgje den svenske fysikaren Mattias Blennow. Til Aftonbladet er han inne på at dei amerikanske forskarane kan ha gløymt å ta omsyn til den mørke materien til universet.

Den mørke materien er eit stoff som ein reknar med gjev ekstra masse til universet, men som ikkje kan observerast med teleskop og andre instrument som registrer lys og stråling.

Dersom dei amerikanske fysikarane har rett i dommedagsprofetiane sine, er det neppe grunn til uro for oss jordbuarar. Både jorda og solsystemet vil for lengst vera borte når bobleuniverset eventuelt oppstår og fortrengjer verda slik vi kjenner henne. (©NPK)

QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

Kommentarar

ANNONSE