Side Brok er tilbake

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– So det er sant?

– Trur du me lyge?

Side Brok har lova nytt album i fire år. I 2009 sa Runar Gudnason: – Vi kommer til å gi ut en plate neste år, og etter det gir vi oss, til VG. I 2011 skreiv dei på nettsida si: – Me skal ut med den fjerde og siste plata vår ein gong i det nye året. Men det har enno ikkje blitt noko album.

– Den kjøme, den. Og den kjøme om ikkje so forferdeleg lenge, seier Runar.

LES OGSÅ: Klar med ny internett-kassett

Tok si tid
Side Brok debuterte i 1999 som oppvarmingsband for ein polsk strippar i Ørsta, men vart då bua av scena. Etter det gjekk det noko betre. I februar 2004 kåra NRKP3 dei til Årets Urørt for låta "Ein likandes kar" Dei har gitt ut tre album, og om dagen sit Runar Gudnason og finkjemmar det fjerde i studioet sitt i København.

– Eg jobbar med den stort sett heile tida no, og det er bestemt at me skal gi ut den første låta på plata – singel, som det heitte i gamle dagar, som bør vere tilgjengeleg på streaming om ein par veker eller noko sånt.

– Det har tatt litt lenger tid enn me hadde tenkt, då. Det er stort sett eg som driv med det, og eg driv med mykje rart. So kom det plutlseleg eit nytt prosjekt (SuperDuo journ.anm.) i vegen som eg ville drive med, og då gjekk tida.

Sirkelsag er tilbake
Broka til Runar Gudnason er framleis side. Sjølv om han har vore innom Teateret i Molde, der han skal regissere eit Jon Fosse-stykkje, og eit samarbeid med Den Kulturelle Skolesekken, er Sjef R først og fremst rappar. Den nye Side Brok-skiva får namnet "Hovdebygda", og handlar om der Side Brok kjem frå.

– Det blir Side Brok litt tilbake til det det var før. Den førre plata var produsert stort med mykje blåsarar og strykarar og litt pop inni mellom. Det blir ikkje so mykje av det på denne her. Den er litt enklare og skitnare og råare og det blir meir tull og humor igjen.

– Og Skatebård er tilbake og har halvparten av beatsa. Han bidrog nesten ikkje på førre plata.

Det tidlegare bandmedlemmet OddG er ikkje med på denne plata, men vil kanskje vera med på turne. I tillegg til Thorstein Hyl III, Sjef R og Skatebård, blir det òg gjenhøyr med ein gammal kjenning på "Hovdebygda".

– Han Sirkelsag, han er jo med på heile to låtar. Han har jo ikkje vore med på ei stund.

Gir seg ikkje
Side Brok har skremt fansen jamnt dei siste åra med å seie at dei har tenkt å gi seg etter den siste plata.

– Det skulle eg aldri ha sagt. Det er mange som leser berre halve setningar og medier som plukkar opp rykter, og då fekk me plutseleg høyre at me hadde slutta. Men det stemmer ikkje. Det me hadde tenkt å sei, var at me berre skulle lage ei plate til. Mest sannsynleg. Og den kjem no. Om det er den siste, veit eg faktisk ikkje.

– Eg trur ikkje eg skal sei noko meir om sånt nokon sinne, eg.

Les saka på Nernett.no!

Faktaboks

Sjef R heiter eigentleg Runar Jonsson Gudnason. Og Runar heiter òg Thorstein Hyl III og Sirkelsag. Alt etter som.
I lag med Skatebård (Bård Aasen Lødemel) er dei fire, men tre av dei er altso Runar.